Personar med psykiske og/eller fysiske funksjonshemmingar kan ha med seg ein eller fleire følgjepersonar hos arrangørar/operatørar som aksepterer dette. Ein følgjeperson betalar 50 % på offentlege transporttenester og går gratis på arrangement. Kravet er at den funksjonshemma eig eit følgjebevis. Den som er funksjonshemma betalar reise og inngangsbillett etter gjeldande reglar.

Ordninga skal vere eit verkemiddel for å førebygge isolasjon og med det bidra til økt livskvalitet for den funksjonshemma. Følgjebeviset gjeld for adgang til dei aktivitetar, bygningar, transportmiddel m.v. som aksepterer ordninga, og der det offentleg fastsatte symbolet for følgje er slått opp.

Beviset er eigd av den funksjonshemma, som sjølv vel kven som skal vere følgjeperson frå gong til gong. Kortet er gratis.