NRK har ansvar for å sende myndigheitenes beredskapsmeldingar og viktig informasjon på radio. 

NRK P1 er beredskapskanalen som skal sikre informasjon til publikum, også dersom andre nyhetsmedia og offentlege nettstader ikkje er tilgjengelege. NRK kan også bryte igjennom med viktige meldingar til befolkninga på alle NRKs radiokanalar. Det spelar derfor ingen rolle om du høyrer på P13 eller P1+, eller andre NRK-kanalar. 

For å få med deg myndigheitenes informasjon til befolkninga anbefalar vi at du har ein DAB-radio som går på batteri. Hugs at dei fleste nyare bilar også har DAB-radio.