Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Besøksheim/Å vere besøksheim

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Å vere besøksheim inneber at du tek imot born eller ungdom éin eller fleire helgar per månad. Det er viktig at du er ein trygg og stabil vaksen som har husrom og hjarterom. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar som har eit særleg behov. Han skal ikkje erstatte heimen som barnet har hos sine biologiske foreldre.

    Kommunen vil oftast avertere etter besøksheim når det er behov. Du kan òg vende deg til kommunen på eige initiativ.

    Målgruppe

    Einslege, par og barnefamiliar

    Kriterium/vilkår

    Det blir ikkje stilt krav om formell utdanning for å vere besøksheim. Det blir lagt størst vekt på kor eigna du er som person. Du kan gjerne ha eigne born.

    For å bli godkjend, må du leggje fram tilfredsstillande politiattest. Ein kan krevje politiattest også frå andre som bur eller oppheld seg i heimen.

    aaa
  • Lover og forskrifter

    Sjå spesielt barnevernloven kapittel 3 Hjelpetiltak og § 12-11 - Krav om politiattest.

    Lover

    Barnevernsloven

    ___
  • Skjema
  • Saksbehandling
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2019-08-26 10:20