Beverforvaltninga er heimla i eiga forskrift; FOR-2018-12-13-2258 Forskrift om tilgang til jakt og fangst av bever, Fyresdal kommune, Telemark. Forskrifta opnar for kvotefri jakt og fangst i heile kommunen, men det er rapporteringsplikt for felte dyr, dette for å kunne halde ein oversikt over uttaket av bever i kommunen. Det er viktig å merke seg at det stillast krav til anslagsenergi for rifle som skal brukast under beverjakt (980 joule/100 kgm på 100 m). For jakt etter bever med hagle er det ikkje tillete å bruke større hagl enn norsk nr. 2 (3,5 mm) og minimum 100 hagl i patronen.

Ved bruk av felle til fangst av bever er det kun lov å bruk felle av type Conniebear 330 eller Northwood nr. 300. Fellene skal alltid stå under vatn, ana er forbode av omsyn til andre dyr som måtte ferdast langs vassdraget. Fellene skal i tillegg merkast tydeleg med brukarens namn og adresse.

Jakttida for bever er 01.10.-30.04. Kommunen har i tillegg høve til å utvide jakta 15 dagar i etterkant der sno- og istilhøve gjer jakt vanskeleg innanfor ordinær jakttid. Det er også høve til å søkje om felling av skadedyr utanom jaktsesong, om beveren til dømes demmer opp grøfter/kanalar, tettar stikkrenner eller har lagt sin elsk på allèen din. Tak kontakt med kommunen om du treng hjelp for å løyse slike problem.