Tvers over fjellet og dalen gjeng ein gamal veg. Bispevegen. Namnet har den frå den gongen bispane hadde ferdselsvegen sin her. Geistligheiten kom med evangeliet austfrå, og det bar mot slutten på deira lange reise gjennom bispedømmet. P.A. Munch skriv at dette var "den fjeldvej, som bisperne, da Thelemarken lagdes til Stavanger stift, fandt mest brugt og passabel". I 1270 var Setesdalen og Telemark under Stavanger bispestol. Ein trur at det ikkje er så mange bispar som har ridd eller trava over Austheiane. Vi veit at biskop Jens Spidberg reiste over Austheia i 1761, og at biskop Jacob von der Lippe skal ha vore den seiste geistlege som nytta seg av Bispevegen. Men ikkje bare geisligheiten sveitta seg over fjellet, Pilgrimane vandra på snaufjellet og gjennom dalen, barbeinte, eller tre stig fram og eit tilbake for dermed å gjera botsgangen sers verknadsfull. Men vi gjeng utifrå at vegen har vore i bruk lenge før 1270, og at den etter alt å døme var eit viktig bindeledd mellom Aust og Vestlandet.

Bispevegen var også friar- og bryllupsveg - viktig for å motverke inngifte, som i lange periodar var eit problem for valldølane.

Fjellvegen frå Valle til Fyresdal er bortimot tre mil lang, og dølane måtte belage seg på ein lang tur. Stigen er godt varda og sidan slutten på tjugeåra har turistforeninga merka den med sin karaktersistiske raude T. Det seiast at dølane bruka å kalle vardane for bispar, og verdige ser dei ut der dei peikar ut retninga i landskapet. Ein av biskopane som drog over fjellet ein gong spurde ein gut som var med på ferda om grunnen til dette: « Jau», sa guten, «dai stende der å syne veijin, men sjave gange dai han inkje».

Bispevegen startar ved garden Jordet i Valle og gjeng fram til garden Lien i Kleivgrend.

I 2002 vart marsjen arrangert for 20. gong.