Tøddebakkane bustadfelt

Tøddebakkane ligg i sentrum av Fyresdal, tett inntil Folkestadbyen som er handelssenter, og nær skule, barnehage, legesenter, kulturhus, kommunehus osv. Tøddebakkane ligg med utsikt over sentrum og Fyresvatnet. Prisen på dei byggjeklare tomtene er kr. 40 000,-.  Her kan du sjå kva tomter som er ledige i Tøddebakkane per januar 2019 (markert med raudt).

Moghusfeltet

Ca. 1,5 km sørover frå sentrum har Fyresdal kommune opparbeidt ei nytt bustadområde med 12 tomter. Det er klargjort med vatn, avlaup og straum inn i tomtene. Det er ny, fin veg med gateljos gjennom bustadfeltet, med avkøyring frå Gamleveg. 
Dette er flotte tomter med fin utsikt over Fyresvatn, og nærleik til sentrum med butikkar, skule, barnehage med meir. 
Tomtepris kr. 85 000,-.

Hauggrend

Kommunen har nokre få ledige tomter i det kommunale bustadfeltet i Hauggrend, lengst nord i kommunen. Prisen på dei byggjeklare tomtene er kr. 40 000,-. Innanfor kommunedelplan for Hauggrend ligg det i tillegg føre ledig byggjeareal for bustader ned mot Skredvatn. Bygging her føreset løyve frå grunneigar og avklaring i høve til tomteinndeling/detaljplan.

Haasum

17 store tomter til sals for bygging av småbruk. Tomteareal på 80-95 da. Pris kr. 250 000,- per tomt.

Bygging i grendene

Fyresdal er positive til bustadbygging utanfor dei regulerte områda og i grendene, så lenge plasseringa ikkje kjem i direkte konflikt med viktige sektorinteresser som skal ivaretakast. Det må søkjast om dispensasjon frå overordna plan for slike enkelttomter, og handsaminga kan ta frå 1 til 4 månader. Ta kontakt med kommunen for å få råd om korleis ein går fram med søknad.