Kommunal byggmasse

Det er driftsavdelinga som har drifts- og vedlikehaldsansvar for den kommunale byggmassen.

Her er ei oversikt over den kommunale byggmassen:

  • Bustader 3 440 m2
  • Næringsbygg 3 025 m2
  • Tekniske bygg 1 645 m2
  • Grendhus 835 m2
  • Tenestebygg 13 552 m2
  • Totalt 22 395 m2 

Kommunale vegar og vedlikehald

Vi har om lag 21 km med kommunale vegar i Fyresdal.

Her er ei oversikt over dei kommunale vegane:

  • Hauggrend: Vegane frå FV 355 til Foldsæ og i det kommunale byggefeltet, samt grusvegen ned til reinseanlegget.
  • Veum: Vegen frå FV 355 til grendehuset, pluss parkeringsareal rundt Veum kyrkje.
  • Åslandsvegen: Frå Kleivgrendsvegen og opp til grendehuset (skulen).
  • Sentrum: «Gamleveg» frå sentrum til Berglandskrysset. Kommunale vegar i sentrumsområdet og på Molandsmoen industriområde. 
  • Borggrendsvegen. 
  • Kilegrend: Glomfossvegen som går frå FV 355 og til brua ved dammen. Vegen frå FV 355 til grendehuset (skulen). Skomdalsvegen.

Kommunen har avtale med private aktørar om vegvedlikehald.