Rydding

Gravlykter og andre lause dekorgjenstandar skal i restavfallet. Blomar og grasavfall skal leggjast i kompostdunkane/bingane. Dersom de sjølve ynskjer å rydde vekk visna kransar og blomar på ei ny grav, så må de gje melding om dette til kyrkjekontoret. Høyrer vi ikkje noko, vert alt rydda vekk av kyrkjetenaren etter 2-3 veker.

Plantebed/innramming

Plantebed kan vere så breie som gravminnet og gå 60 cm fram, målt frå bakkant av gravminnet. Det er høve til å så til med gras rundt heile gravminnet. Etter avtale kan kyrkjetenaren gjere dette.

Gravminne

Nye gravminne skal godkjennast av kyrkjegardsadministrasjonen. Kyrkjekontoret har framleis ståande nokre gamle steinar til gjenbruk. Elles formidlar òg kyrkjekontoret gravsteinar frå Evje Steinindustri. Det er fint om de som har ansvar for dei ulike gravstadane undersøkjer korleis det står til i høve til gravsteinen, og om han treng å rettast på, evt. lyftast høgare. Tak kontakt dersom det er noko de lurar på, eller gjerne vil ha hjelp til.

Gravfond

Det er høve til å inngå avtaler med Fyresdal sokneråd om oppretting av gravfond (betalt gravstell), tidlegare kalla gravlegat. Per i dag er prisen på ei slik avtale kr. 1 050,- per år. I prisen ligg det utplanting, luking og vatning gjennom sesongen. Fyresdal sokneråd leiger Åse Breiland til stell av graver. Dersom du ynskjer å nytte deg av tilbodet kan du ta kontakt med kyrkjekontoret eller direkte med Åse på tlf.nr.924 85 954.