No er det på tide med litt informasjon. Sidan i haust har fleire jobba iherdig for å resirkulere planane for «Hamaren til nye høgder» - både gjennom redesign av anlegget med tanke på flytting OG å oppretthalde engasjementet frå dei som har løyva midlar til prosjektet, slik at vi kan behalde desse.

Dette har gått svært bra! Når det gjeld finansiering har vi fått behalde så og seie alt vi søkte om i fyrste omgang! I tillegg har vi nye søknadar inne, og seinast denne veka fekk vi tilsagn på kr 125 000,- frå støtteordninga «Attraktive tettstader i bygdene kring villreinfjella» til bygging av turvegen og utviding av naturstien i Hamaren. Dei fleste lokale verksemdene har og fortsatt tru på prosjektet og tilskotet dei gav i runde ein, står ved lag!

Finansieringslista ser slik ut:

  • Kommunal- og Moderniseringsdepartementet: kr 4 000 000,-
  • Sparebankstiftelsen: kr 2 000 000,-
  • Fyresdal kommune: kr 3 000 000,-
  • Sparebanken Sør: kr 150 000,-
  • Telemark Utviklingsfond: kr 1 000 000,-
  • Ryfylke FK, utviklingsmidlar: kr 125 000,-
  • Verksemder, lag og privatpersonar: kr 698 000,-
  • Friluftsmidlar, Fyresdal kommune: kr 150 000,-
  • Gjensidigestiftelsen: kr 287 273,-
  • Spelemidlar (omsøkt): kr 562 000,-

Dette summerer seg til om lag 12 millionar, og vi manglar kring kr 500 000,- for å nå budsjett. Budsjettet inkluderer tretoppvegen, men og to store aktivitetsflater, ein for ungdom og ein for dei mindre. Alle kostnader til prosjektleiing, arkitekt og ingeniør ligg og inne.

Vi har fleire søknadar inne og reknar med fullfinansiering i løpet av våren.

Når det gjeld redesign har EFFEKT arkitekter arbeidd med å ta prinsippet med tretoppvegen inn på Hamaren. Kongstanken er no å kome seg til toppen av Hamaren, på vestsida, utan å kome i konflikt med eksisterande element og verdiar i Hamaren. Toppen er i dag uoppnåeleg for mange, men med boardwalk – turveg bygd i tre – med max stigning på 7 % i kortare strekk, skal ALLE kunne få seg ein topptur i Fyresdal! Installasjonen vil bukte seg i svingar og loop og munne ut i en utsiktssirkel med høve til å gå/køyre av bort til den øvste gapahuken. Om det blir sirkel, dråpeform eller loop gjenstår å sjå. Ingen av skissene er endelege, men vi ynskjer å vise kor langt vi er kome.

Om kommunestyret godkjenner oppstart, er planen å legge arbeidet ut på anbod til våren/sommaren, med byggestart tidleg haust.

Vi har framleis stor tru på dette prosjektet og det er gledeleg at så mange andre og har det – både lokalt og regionalt. Vi håpar å jobbe saman med lokalt næringsliv slik at denne attraksjonen kan vere med å bidra til auka lokal verdiskaping i Fyresdal! Og vi håpar og at Hamaren aktivitetspark vil fortsette å få folk ut på tur, endå meir enn i dag om mogleg 😊

Helsing prosjektgruppa