Det har i mange år vore vanskeleg å rekruttere fastlegar til Fyresdal kommune. Dette har ført til lite stabilitet og kontinuitet på legesida, og vore krevjande både for pasientar og tilsette i tenesta. Det har vore, slik vi ser det, eit dårleg tilbod til Fyresdal kommune sine innbyggarar.

Vi har derfor utarbeidd ein alternativ arbeidstidsmodell - «Nordsjøturnus». I denne modellen vil vi tilsette tre legar som delar ei fastlegeliste. Desse tre legane skal jobbe i ein komprimert turnus der dei fysisk er på jobb i to veker med påfølgjande fri i fire veker. Dei to vekene legen er på jobb vil dei også dekke opp lokal legevakt. Fyresdal kommune vil då ha lege i bygda 24/7, 365 dagar i året. Dette betyr at vi vil ha legevakt her i Fyresdal.

Når modellen blir sett i verk, og du som innbyggar treng hjelp frå legetenesta på kveld, natt og helger, ringer du 116 117 som vanleg. Du vil då kome til Arendal legevakt som er vår svarteneste. Der vil sjukepleiar vurdere om du har behov for konsultasjon hos lege eller om dette er noko som kan vente til neste dag. Dersom du har behov for konsultasjon møter legen deg her i Fyresdal. Legevaktskontoret vil bli etablert på pleie- og omsorgssenteret på kveld, natt og helg.

Stillingane i «Nordsjøturnus» er lyst ut i dag, 02.11.2022. Vi  håpar å få tilsett i stillingane før jol, samt sette i verk arbeidstidsmodellen frå vinter/vår 2023. Informasjon om tilbodet vil kome fortløpande.

Dersom du har spørsmål er det berre å ta kontakt med ein av oss i prosjektgruppa, avdelingsleiar helse Anne Veum på e-post anne.veum@fyresdal.kommune.no eller kommuneoverlege Karin Kristin Østerhus på e-post karin.osterhus@fyresdal.kommune.no.

--- --- ---

Stillingane som lege i «Nordsjøturnus» hadde søknadsfrist 20.11.2022.