Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Dagmamma - godkjenning

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Dersom du ønskjer å vere dagmamma for tre born eller fleire og kvar veke tilby opphaldstid på ti timar eller meir regelmessig, må du ha godkjenning av kommunen.

    Verksemda skal ta omsyn til helsa og trivselen til borna. Det blir mellom anna stilt krav til

    • utforminga og innretninga av lokala 
    • moglegheiter for aktivitet og kvile 
    • reingjering og vedlikehald 
    • inneklima

    Målgruppe

    Personar som ønskjer å starte dagmammaverksemd

    Kriterium/vilkår

    • Det skal vere tre eller fleire born (inkludert eventuelle eigne born) 
    • Opphaldstida er ti timar eller meir i veka
    • Verksemda er regelmessig
    • Det blir tatt betalt for tilsynet

     

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    Samarbeidspartnarar

    Foreldre som ønskjer dagmamma for sitt barn, har nytte av å vite om ei aktuell dagmamma er godkjend av kommunen og eventuelt vere pådrivar for å framskaffe ei slik godkjenning.

    aaa
  • Lover og forskrifter
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Ta kontakt med kommunen for å få meir informasjon om korleis du skal søkje om godkjenning. Søknaden bør innehalde ei kort utgreiing for korleis verksemda vil etterleve dei ulike føresegnene i forskrifta.

  • Saksbehandling

    Saksbehandlingstid

    Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

    Klagemulighet

    Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Klaga sendar du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Statsforvaltaren. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2020-06-09 12:51