Eit spennande digitaliseringssamarbeid er på gang i regionen vår. Digi-TV er namnet på prosjektet og er eit initiativ frå kommunane og fylkeskommunen i Vestfold og Telemark. 
 
Store forventningar
 
Bakgrunnen for prosjektet er å få fart på den digitale utviklinga, og for å få til eit breiare samarbeid kommunane imellom.
 
- Regionalt samarbeid skal hjelpe oss til å utvikle gode digitale innbyggartenester, bygge kompetanse og å møte dei nasjonale forventingane. Eg har store forventningar til Digi-TV-prosjektet, og eg trur vi vil hauste gode frukter av samarbeidet i tida framover, seier Egil Johansen, rådmann i Tønsberg kommune og leiar av prosjektets styringsgruppe. 
 
Fleire regionale nettverk innanfor digitalisering er allereie etablert andre stader i landet, mellom anna i Hordaland, Viken og Rogaland. 
 
Digitalt klasseskille
 
Samarbeidet starta opp gjennom eit initiativ frå rådmennene i kommunane og fylkeskommunen, og det blei hausten 2019 etablert ei styringsgruppe og ei arbeidsgruppe som har gjennomført ein forstudie.
 
I forstudiedokumentet står det mellom anna:
 
«Innbyggerne har ofte liknende behov og forventinger til offentlige tjenester i kommunen, uavhengig av hvor de bor. Allikevel finnes det i dag store gap i mellom ulike kommuner når det gjelder tilbudet av ulike innbyggertjenester, og risikoen for et digitalt klasseskille mellom kommuner er økende. Derfor er det behov for å sikre gode og helhetlige digitale tjenester for alle innbyggerne, som er like på tvers av kommunegrensene».
 
Etter forstudiet konkluderte rådmennene med at det skal gjennomførast eit forprosjekt i 2020-2021, og det er der prosjektet står nå. 
 
Plan for å løyse kommunanes behov
 
Tønsberg kommune er vertskommune for prosjektet, og Carolina Toll er nytilsett prosjektleiar. Ho hadde sin første arbeidsdag 1. september etter å ha fått permisjon frå si tidligare stilling som e-helserådgjevar i Tønsberg.
 
- Det fyrste eg må gjere er å lage ein fremdriftsplan for forprosjektet. Eg skal sjå på kva vi kan få til på kort og lang sikt. Forstudien har kartlagt kommunanes behov. I forprosjektet blir det viktig å kartlegge kor kommunane står i dag, og lage ein plan for å løyse behova kommunane har, fortel Toll. 
 
Prosjektleiaren skal også sjå nærare på kor digitalt modne vi er og kor store forskjellar det er i fylket vårt.  
 
- Parallelt med dette blir det viktig å utarbeide ein modell for korleis samarbeidsprosjektet kan gjennomførast. For å lykkast er det mellom anna viktig med symmetrisk informasjon, effektiv involvering og beslutningstaking, seier Toll. 
 
Nytte av andres erfaringar
 
Forstudien har definert tre innsatsområde. Det er å utvikle innovative og digitale tenester og løysingar, bygge solid mottak av nasjonale prosjekt og tiltak, og tilgang til digital kompetanse og erfaring. Eit av dei fyrste tiltaka prosjektleiar tenker det er naturleg å begynne med, er felles vurdering og mottak av kommunale pasientjournalprogrammet Akson. 
 
Sjå nettsida til Tønsberg kommune for meir informasjon.