Ta kontakt med Fyresdal legekontor på 35 06 73 00 ved spørsmål om neste moglegheit for koronavaksinering.

Generell informasjon om koronavaksinering:

  • Dose 1 = alle frå 12 år.
  • Dose 2 = alle frå 16 år (må gå 12 veker mellom dose 1 og 2 for dei i alderen 16-17 år, 3 veker for dei over 18 år).
  • Dose 3 = Alle i aldersgruppa 45 år og eldre bør ta oppfriskningsdose. Personar 18 år og eldre som tilhøyrer risikogruppene bør ta oppfriskningsdose. Alle tilsette i helse- og omsorgstenesten bør ta oppfriskningsdose. Elles friske personar 18-44 år kan få oppfriskningsdose.

⇒ Det må ha gått 4,5 månadar mellom dose 2 og 3.

⇒ Det må ha gått 3 månadar frå gjennomgått covid til vaksinering.

Informasjon om når du fekk dose 2 finn du på helsenorge.no.