Den 13.12.2018 gjorde Fyresdal kommunestyre fylgjande vedtak:
 
Fyresdal kommune skriv ut eigedomskatt etter desse vilkåra:
 
1. For eigendomsskatteåret 2019 skal det skrivast ut eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 3 fyrste ledd bokstav c. (gjeld kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfattet av særskattereglane for petroleum).
2. For eigendomsskatteåret 2019 skal det også skrivast ut eigedomsskatt på eit "særskilt fastsett grunnlag" i tråd med overgangsregelen til eigendomsskattelova §§ 3 og 4 fyrste ledd. Det særskilte grunnlaget skal i 2019 vere lik 6/7 av differansen mellom eigedomsskattegrunnlaget i 2018 og 2019 som er forårsaka av at produksjonsutstyr- og installasjonar ikkje skal reknast med i grunnlaget for verk og bruk som frå og med 2019 blir sett på som næringseigendom.
3. For eigendomsskatteåret 2019 skal det skrivast ut eigedomsskatt på bygningar og grunnareal for verk og bruk som frå om med 2019 blir sett på som næringseigedom, så langt desse var omfatta av eigedomskattegrunnlaget for verk og bruk i 2018, jf. overgangsregelen til eigedomsskattelova §§ 3 og 4 andre ledd.
4. Den alminnelege eigedomsskattestasen for skatteåret 2019 er 7 promille jf. eigedomsskattlova § 11 fyrste ledd.
5. Eigedomsskatten skrivast ut i to terminer, jf. eigedomsskattelova § 25 fyrste ledd. Fyrste termin har forfall 20. mars og andre termin har forfall 20. september.