I medhald av Lov om eigedomsskatt til kommunane av 6. juni 1975 nr. 29 er det skrive ut eigedomsskatt i Fyresdal kommune for året 2020 etter § 3 fyrste ledd bokstav c, på eit «særskilt fastsett grunnlag» i tråd med overgangsregelen til §§ 3 og 4 fyrste ledd og på verker og bruk som var omfatta av eigedomsskatt før 2018.

Satsen for eigedomsskatt er 7 promille.

Forfall for eigedomsskatten er 20. mars og 20. september.