Viktig informasjon frå Renovest IKS:

Frå februar 2020 blir hentefrekvensen på avfallet endra til fylgjande:

  • Restavfall, papir og plast vil bli henta kvar 3. veke. Abonnentane vil få utdelt dunk til plasten ila. mars/april.
  • Matavfall vil bli henta kvar 2. veke.
  • Restavfall mini og papir mini vil bli henta kvar 6. veke.
  • I løpet av 2020 vil abonnentane få utdelt dunk til glas- og metallemballasje. Dette vil bli henta kvar 6. veke.

Det vil ikkje bli endring i prisane.

Økonomisk vekst og forbruk gjer at avfallsmengda held fram med å vekse i Noreg. Målet er å produsere mindre avfall, samtidig som vi utnyttar ressursane betre.

EU vedtok i 2018 eit nytt avfallsregelverk som inneber at materialgjenvinning for hushaldsavfall og avfall frå næringslivet skal aukast til 65 % i 2035. Følgeleg har Klima- og miljødepartementet utarbeidd eit forslag til forskriftsregulering av krav til utsortering og materialattvinning av biologisk avfall og plastavfall. 

Prinsippa

I avfallspyramiden grunngjev ein grunnprinsippa for avfallskretsløpet.

  • Øvst står prinsippet om avfallsreduksjon – det å produsere mindre avfall.
  • Punkt nummer to er gjenbruk – det å bruke ting på nytt.
  • Det tredje punktet handlar om materialgjenvinning – det å lage nye ting med brukt materiale.
  • Fjerde prinsipp handlar om energiutnytting – det å brenne og utnytte restenergien positivt (for eksempel varmen).
  • Det siste punktet, punkt fem, handlar om deponering – det å legge avfallet på dynga, eller andre forsvarlege oppbevaringsstader.

Avfallspyramide

Basert på dei overordna måla og nasjonale føringar har Renovest IKS valt å endre tømefrekvensen på restavfall og papp/papir til tredje kvar veke. Dei utvidar henteordninga med ein fraksjon glas-/metallemballasje, og erstattar den gule plastsekken for innsamling av emballasjeplast med dunk. Har du ekstra mykje papp/papir, kan dette leverast gratis på gjenvinningsstasjonane. Du kan også sette igjen pappemballasjen i forretninga når du kjøper noko. Kjeldesorterer du avfallet ditt godt, vil restavfallet gå ned, dette viser plukkanalyser som er utført.

Blåsekk til bleier

Bleier skal kastast i restavfall. Abonnentane kan ev. kjøpe blåsekkar til bleiene (og sette dei fram ved sidan av restavfallsdunken dei vekene det er tøming av restavfall). Blåsekkar er å få kjøpt på Brunkeberg avfallsmottak (frå 1. mars også på Skårmoen, på Vistad og på Hovdestad).

Renovest IKS har ikkje lenger høve til å levere ut gratis blåsekk til bleietrengane jf. sjølvkostprinsippet.

Ved ytterlegare spørsmål kring dette, ta kontakt med Renovest IKS på post@renovest.no.