«Gjer draumen levande» er kommunen sitt slagord, og dette ser ein att i tilboda til både innbyggjarar og tilsette. 

Fyresdal kommune er ein kommune i Vest-Telemark med omlag 1240 innbyggjarar. Kommunen har som mål å vere handlekraftig og finne fleksible løysingar. Her er det godt å bu og virke, og saman leverer vi svært gode tenester til innbyggjarane våre.

Sektor for plan og teknikk søker fag- og vedlikehaldsarbeidar på avdeling teknisk drift i 100 % fast stilling. Arbeidsområdet er innan drift og vedlikehald av bygg og tekniske anlegg til Fyresdal kommune.

Vi ynskjer ein person som:

  • Har relevant fagbrev
  • Er utadvent og har gode evne til kommunikasjon
  • Kan arbeide sjølvstendig
  • Er serviceinnstilt
  • Har gode samarbeidsevner

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Tilsettingsvilkår:

  • Den som blir tilsett må vere viljug til å deltake på eventuelle kurs og opplæringsprogram.
  • Den som blir tilsett må ha førarkort kl. B.
  • Tilsetting skjer elles i samsvar med gjeldande lovar, avtaler og reglement.

Den som blir tilsett blir medlem i pensjonsordning hjå KLP med 2 % innskot.

Løn etter avtale, avhengig av utdanning og praksis.

Kontaktperson ved spørsmål:

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til avdelingsleiar teknisk drift Geir Wæthing, på telefon 915 66 458.

Søknadsfrist:

Søknadsfristen er 08.08.2021.

Velkomen som søkar!

Vi ber om at de brukar elektronisk søknadsskjema.