Velkomen til fagmøte tysdag 5. november kl. 19.00 i møterom Roan i Fyresdal Næringshage. 

Fagmøtet er ope for alle interesserte og gratis å delta på. Ingen påmelding.

Vel møtt!

Program: 

1. Til innleiing vil leiar av styringsgruppa for prosjektet «Grønt i Fyresdal» gje ei kort oppsummering av aktivitet og resultat i prosjektperioden 2021–2024.

2. To spørsmål til deltakarane: 

  • Kva vil bli hovudutfordringa for utvikling av verksemda di nå, til neste år og vidare framover? 
  • Ser du utfordringar som med fordel kunne løysast i fellesskap? 

3. Drøfting av moglege løysingar/vidare samarbeid. 

Ca. kl. 21: Oppsummering og takk for i kveld.

Fagmøtet er finansiert av prosjektet «Grønt i Fyresdal». Fyresdal Bondelag eig prosjektet og det har fått støtte frå Vestfold og Telemark fylkeskommune, prosjektet Omstilling i Fyresdal og Fyresdal kommune. 

Arrangør: Prosjekt «Grønt i Fyresdal», prosjektleiar Arne Nøkland, 94 80 87 49, arne.nokland@nlr.no.

Korleis få varene fram til kjøparane? Foto: NLR
Korleis få varene fram til kjøparane? Foto: NLR