Bustadabonnentar med slamtank

Bustadabonnentar med slamtank på 4m3 eller større skal fakturerast det året dei har tøming. Det er tøming sør for Verpe i partalsår og nord for Verpe i oddetalsår.

Bustadabonnentar med tøming i oddetalsår har dessverre blitt fakturert for dette på den nyleg utsendte fakturaen.

Fritidsbustader med slamtank

Vi har nokre få fritidsbustader i kommunen med slamtank med tøming i oddetalsår. Desse har dessverre også blitt fakturert for tøming på nyleg utsendte faktura.  

Kreditnotaer er sendt ut

Kreditnotaer på feilfaktureringa er sendt ut, og vi ber dei abonnentane det gjeld om å trekke ifrå beløpet på kreditnotaen når dei betalar den tilsendte fakturaen.

NB. Abonnentar med e-fakturaavtale og/eller avtalegiro må endre beløpet manuelt.

Spørsmål?

Dersom noko er uklart, ta kontakt med Svånaug på 35 06 71 37 eller sentralbordet på 35 06 71 00.