Faktura for kommunale avgifter er nå sendt ut, og vi må berre beklage at det har blitt feil i faktureringa! Det har vore ei oppdatering av KOMTEK-systemet, og feilane blei dessverre ikkje oppdaga før fakturaene blei sendt ut.

Feil fakturabeløp på renovasjon

Ca. 270 abonnentar har fått feil fakturabeløp på renovasjon (for høgt). Til vanleg blir årsbeløpet delt opp i 2 terminar, med forfall vår og haust, men nå har heile beløpet blitt fakturert i staden for halve.

Feil fakturabeløp på vatn

Ca. 370 abonnentar fått eit lågare fakturabeløp på vatn. Dette vil bli retta opp i og avrekna ved neste fakturautsending i september.

Spørsmål?

Ta kontakt med Mari på plan og teknikk på 35 06 71 37.