Verdensdagen for psykisk helse er ein nasjonal befolkningskampanje om psykisk folkehelse, som blir markert over heile landet i veke 39-42 kvart år. Årets kampanje oppfordrar til å sete av 8 minutt til å ringe nokon du bryr deg om - kvar dag. Det er enklare enn du trur, og betyr meir enn du anar.

Fyresdal kommune vil sete fokus på “Verdensdagen for psykisk helse” med ulike aktivitetar og arrangement rundt omkring på dei ulike avdelingane i kommunen.

Veke 38:

Laurdag 21. september: Frivilligsentralen vil saman med Fyresdal Røde Kors ha ei markering og feire at Fyresdal Røde Kors er 40 år i år. Det startar med quiz på Meinstad kl. 14. Det vil så bli servert gratis porsjonspizza frå pizzaovn ved kulturhuset kl. 16-18, og til slutt gratis konsert med «No boots» inne på kulturhuset kl. 18.

Veke 39:

Måndag 23. september/tysdag 24. september: Barnehagen vil ha fokus på følelsar i samlingane sine. Dei vil lage til felles måltid på bålpanna ute. Og dei vil ha eit samarbeidsprosjekt om å lage eit felles bilete.

Onsdag 25. september: Det vil bli servert gratis pizza på juniorklubben på kulturhuset. Biblioteket vil servere vaflar frå kl. 17.

Torsdag 26. september: Skulen vil arrangere jungelfest på kulturhuset. Heimane får nærmare informasjon om dette når det nærmar seg.

Fredag 27. september: POS inviterer til bingo kl. 11 for bebuarar og heimebuande tilknytt heimesjukepleia. Om nokon ynskjer å kjøpe middag (kr 110,-) denne dagen, så er de hjarteleg velkomne til det. For påmelding til bingo og ev. middag, ring 35 06 71 52 før kl. 10 onsdag 25. september.

Veke 40:

Torsdag 3. oktober: Fyresdal pensjonistlag vil saman med Fyresdal kommune markere eldredagen frå kl. 15 på kulturhuset. Vi startar med førestillinga «Best før, ofte god etter» i storsalen. Etter førestillinga blir det servering av kaker og kaffi i veslesalen.

Veke 41:

Torsdag 10. oktober: Psykisk helse vil servere vaflar og kaffi på frivilligsentralen kl. 11-14.

Vi trenger å snakke mer sammen
Vi trenger å snakke mer sammen #gi8minutter