Som de er kjende med gjennom media og andre kanalar, har vi i samarbeid med fylkeskommunen fått mykje midlar til opprusting av den viktigaste vegen for Fyresdal kommune, fylkesveg 355! Dei neste 4 åra er det sett av 106 millionar til prosjektet, kor minst 28,7 millionar skal brukast i år.
 
Dette er ei av dei viktigaste sakene for Fyresdal kommune i åra som kjem. Vi håpar at de stiller opp mannsterke for å vise fylket kor stor pris vi set på dette.
 
Leiar for hovudutval for samferdssel Arve Høiberg og fylkesvaraordførar Sven Tore Løkslid kjem til Fyresdal for å presentere dei offensive planane.
 
NB. Grunna covid-19 må vi ha påmelding frå alle som vil delta! Påmelding innan 3. mai til sentralbordet i kommunen på telefon 35 06 71 00.
 
Arrangementet er berre for kommunens innbyggarar. Vi held oss til gjeldande reglar, og ber om at alle viser smittevernomsyn og sit på sine faste tilviste plassar under heile arrangementet.
 
Dersom talet på påmeldte overstig tillat nivå, vil dei som melder seg på fyrst bli prioriterte.
 
Mvh Erik Skjervagen
Ordførar
 
Tid og stad:
Onsdag 5. mai kl. 19.00 i Førsdalshallen.