Vi viser til § 3 i "Forskrift om brannforebygging" der det står at "Enhver plikter å vise aktsomhet ved gjennomføring av aktivitet som kan føre til brann."

Det inneber mellom anna at det er forbode å gjere opp eld eller behandle brannfarlege gjenstandar utandørs under slike forhold eller på ein slik måte at det kan føre til brann.

Det er også slik at i tidsrommet frå 15. april (altså i dag) til 15. september er det forbode å gjere opp eld i eller i nærheten av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen. Det er likevel lov å gjere opp eld der det åpenbart ikkje kan føre til brann, men - ver varsam!