Informasjon til foreldreundersøkinga november 2018

Vi hadde endå høgare svarprosent i år enn i 2016. På sju av ni område er snittet høgare i 2018 enn i 2016. Når høgaste snitt er 5 er vi svært nøgde med resultatet. Men det vil ikkje seie at vi ikkje har noko å arbeide med.

Det området som har eit lågare snitt enn i 2016 er uteområdet. Noko som er forståeleg. Her vert det arbeidd med ein ny plan for ferdigstilling og samstilling av området.
Når det gjeld tilfredshet som er område 9, er denne like høg som sist. 

I resultatet vil de sjå ein del små strekar. Dette er ei sikring i samband med anonymiteten i undersøkinga. Der det er fem eller mindre enn fem som har svart, vert det ståande ein strek.