Alle som vurderer å bli fosterforeldre får tilbod om å delta på eit opplæringsprogram.

Nå blir det snart gjennomført grunnopplæringskurs (PRIDE) i Bø.

  • PRIDE grunnkurs gjev deg moglegheit til å vurdere om det å vere fosterheim er noko for deg.
  • Eit av formåla med opplæringa er å gje deg moglegheita til å vurdere om det er interessant for deg å bli fosterheim.
  • Opplæringa førebur deg til å ta i mot fosterbarn. 
  • Målsettinga med opplæringa er å gje deg moglegheita til å mestre oppgåva som fosterforelder og heve kompetansen din for å gje barn ein trygg oppvekst.
  • Opplæringa er uforpliktande og du vel sjølv om du til dømes vil avslutte prosessen før opplæringa er ferdig.
  • Opplæringsprogrammet er gratis. 
  • Kurset blir gjennomført i Bø i Telemark.

Sjå kursdagar og meld di interesse her

Sjå tidsplan for kurset her