Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Fosterheim/Å vere fosterheim

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Ein fosterheim er ein privat heim som tek vare på barn som ikkje kan bu hos foreldra sine. Fosterforeldre samarbeider med barnevernstenesta i kommunen, og i dei fleste tilfella med familien til barnet, om behovet og framtida til barnet. 
     
    Å bli fosterheim er ein prosess som skjer i nært samarbeid med barneverntenesta i kommunen din. Det er ikkje uvanleg at ein fosterfamilie tek inn barn som dei kjenner frå før eller er i slekt med. I andre tilfelle er valet av barn og fosterfamilie eit resultat av ei vurdering om kva som er best for barnet.
     
    Fosterheim får økonomisk godtgjering frå kommunen og opplæring og oppfølging frå barnevernet.

    Kriterium/vilkår

    Det er ein del krav for å bli fosterforelder, men det er heilskapsbiletet som tel. Du treng altså ikkje å oppfylle alle krava for å bli vurdert som eigna.
     
    Dei generelle krava er:
    • Evne til å gi barn eit trygt og godt heim
    • Evne til å gi omsorg
    • Fleksibel arbeidstid, overskot og motivasjon
    • Ideel alder er mellom 25 og 67 år
    • Gode nok norskkunnskapar til å kommunisere med skulen og samfunnet for øvrig
    • Du bør ikkje vere gravid eller planleggje å få eigne barn i nær framtid
    • Trygg og stabil økonomi
    • Ein vanleg bustad, med plass til eit eige soverom til fosterbarnet
    • Politiattest.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    aaa
  • Lover og forskrifter
    ___
  • Skjema
  • Saksbehandling
  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Barnevernet
    Telefon:35 05 54 00
    Besøksadresse:Granlivegen 1A 3850 KVITESEID
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2018-12-03 09:12