Frå 1. januar 2021 overtok Fyresdal kommune drift av frivilligsentralen.

Sentralen ligg under avdeling helse og er lokalisert i dei same lokala som før, det vil seie i sentrumsbygget i Folkestadbyen. Ingunn Lauvrak er ny kontaktperson. Ho er å er å treffe på 948 73 640 onsdagar og fredagar kl. 08.00-15.30.

Frivilligsentralen vil framover ha tilbod om dagaktivitet for eldre heimebuande, mannegruppe med dart og fast tid med bingo. I tillegg er det mogleg å låne utstyr.

Sidan vi er i ein pandemi, er dagaktivitetstilbodet for eldre heimebuande litt avgrensa både når det gjeld antal som kan vere til stades samtidig, samt kva ein kan finne på. 

Men har du lyst til å kome, så får du samvær med andre, kosleg prat, kaffe med litt å bite i, moglegheit for å bestille lunsj og ete saman med andre. Vi vil og spele ulike typer brettspel, kortspel, dart, høgtlesning frå td. aviser, og ikkje minst bingo. Vi vil også ta turar ut både i Øyskogen, på biblioteket og elles i nærområdet.

Lokala er no klare, så no er tilbodet på frivilligsentralen (i sentrumsbygget i Folkestadbyen), kvar fredag kl. 10-14.

På onsdag vil det vere mannegruppe med dartspel kl. 10-13. Frå kl. 13 vil det vere bingo for dei som har lyst til å spele det.

Det vil vere mogleg å låne utstyr; ski, skøyter, syklar osv. på frivilligsentralen. Utstyret må hentast på onsdag eller fredag og kan lånast i maks 2 veker.

Vi treng stadig fleire frivillige! Frivillige som kan bidra med til dømes transport, hjelpe til gjennom dagen med dei aktivitetane ein ynskjer å ha, samt bidra til at frivilligsentralen er ein god møtestad. Er dette noko for deg, ta kontakt med Ingunn på telefon 948 73 640, helst på onsdag eller fredag mellom kl. 08.00 og 15.30.