Frivilligsentral

Anne Lise Greivstad starta som dagleg leiar av frivilligsentralen 01.08.2023. Anne Lise har kontorstad i Fyresdal Næringshage i Klokkarhamaren 6, medan sjølve frivilligsentralen ligg i Folkestadgata 10. Ta gjerne kontakt dersom det er noko du lurar på! 

Frivilligsentralen har eiga nettside - sjekk den ut her: fyresdal.frivilligsentral.no.

Vi treng frivillige som kan bidra med til dømes transport, som kan hjelpe til med aktivitetar og som kan bidra til at frivilligsentralen er ein god møtestad. Er dette noko for deg, ta kontakt!

Fysioterapi

Fysioterapi ligg under avdeling helse og er lokalisert i underetasjen på pleie- og omsorgssenteret. Du kan ta direkte kontakt med fysioterapiavdelinga; du treng ikkje tilvising frå lege.

Arbeidsoppgåver:

  • Helsestasjon, barnehage og skulehelseteneste.
  • Opptrening og behandling av bebuarar på POS og brukarar i heimen/heimebesøk.
  • Opptrening og behandling etter operasjon, sjukdom og skade, samt smerteproblematikk. 
  • Treningsgrupper: Brukarar på POS og heimebuande, seniortrim, gravid- og barseltrening. For pasientar i behandling/opptrening: Styrke- og balansegruppe, bevegelsesgruppe.
  • Hjelpemiddelformidling i samarbeid med vaktmester/hjelpemiddelteknikar.

Frisklivstrening:

Måndagsgruppa/herretrim: Måndagar kl. 13.15 på fysioteraoiavdelinga. Styrke, stabilitet, balanse og kondisjonstrening; 45 minutt leia av fysioterapeut. Treninga er gratis og open for alle. Treng ikkje påmelding.

Tysdagsgruppa/dametrim: Tysdagar kl. 13.15 på fysioterapiavdelinga. Styrke, stabilitet, balanse og kondisjonstrening; 45 minutt leia av fysioterapeut. Treninga er gratis og open for alle. Treng ikkje påmelding.

Barsel-/gravidtrening: Fredagar kl. 12.00 på fysioterapiavdelinga; 45 minutt leia av fysioterapeut. Fokus på kjernemuskulatur og bekkenbunn, men også styrke, stabiltet og balanse. Hyggeleg og nyttig aktivitet for mor og barn og den gravide. Individuell tilpassing og vurdering. Påmelding på telefon 95 21 79 71.