UNICEF skriv i ei pressemelding i dag at det er store forskjellar i korleis norske kommunar prioriterer tenester for barn og unge. Små kommunar med store driftsbudsjett leverer best. Åtte av dei ti kommunane på Topp 10 har eit innbyggartal på under 5.000. Dette kjem fram i Kommuneanalysen 2020.

UNICEF Norges Kommuneanalyse viser økonomiske prioriteringar og tenester kommunane har for barn og unge mellom 0 og 20 år. Datagrunnlaget er tall frå 2019 som kommunane sjølve har rapportert inn til SSB. Analysen tar for seg sektorane barnehage, skule, barnevern, helsetenester og kulturtilbod i fem ulike kommune-kategoriar.

Fyresdal kommune hamnar øvst på Topp 10-lista i totalrangeringa:
"Vokser du opp i Fyresdal, har du langt større sjans for å få god tilgang og kvalitet på barnehage, skole, helsetjenester, barnevern og kulturtilbud enn barn i Giske, viser analysen. Barns andel av de totale kommunebudsjettene varierer fra 18 til 47 prosent."

Les pressemeldinga her

Les "UNICEF Norge Kommuneanalyse 2020" her