Til deg som allereie spelar piano eller gitar:
Vil du lære deg akkordar (spele etter bokstavar og ikkje noter)? Kanskje du har lyst til å spele i band? Då kan det å lære seg akkorder vere lurt, då kan du «kompe» andre som syng eller spelar soloinstrument.
Lærar er Svetlana Sheytanova, som til vanleg underviser i piano og vokal på kulturskulen.
Innhald i kurset vil vere:
- Litt musikkteori.
- Lage forskjellige akkordar.
- Korleis akkompagnere med desse akkordane.
Vi tilbyr kurs for både vaksne og unge:
Tysdagar frå 26.04.2022 og fram til og med 02.06.2022 på rom 3 på Gimle skule.
- For unge: Kl 16.00-16.45.
- For vaksne: Kl 17.30-18.15.
Pris for kurset:
Kurset er gratis for barn, men for vaksne over 20 år kostar det kr 300,-.
Velkomen til eit intensivt og spanande kurs!
Ved påmelding eller eventuelle spørsmål, ta kontakt med Svetlana på telefon 910 02 414 innan 20.04.2022.