Dame- og herrebading
Planen var å fortsetje med dame- og herrebading ut januar 2021, men foreløpig held symjehallen stengt i veke 1 og 2.
Den mellombels stenginga er grunna nye nasjonale føringar gjeldande i perioden 04.01.2021-18.01.2021; "Alle organiserte fritidsaktiviteter, idrettsaktiviteter, kulturarrangementer og livssynssamlinger innendørs, anbefales utsatt til etter 18. januar. Dette gjelder også alle aktiviteter innendørs som samler barn og unge på tvers av klasser/ kohorter."
Vi håpar å kome i gong att med dame- og herrebading frå 20. januar.
Generell informasjon om dame- og herrebading
Damebadinga er onsdagar kl. 17.00-18.30. Gjeld frå 16 år og oppover (må vere ferdig med grunnskulen).
Herrebadinga er onsdagar kl. 19.00-20.30. Gjeld frå 16 år og oppover (må vere ferdig med grunnskulen).
På grunn av avstandskrav i garderobe og dusjanlegg er det begrensa med plassar i begge dei nemnde tidsromma.
Det er plass til 5 stykk damer kl. 17.00-18.30 og 5 stykk menn kl. 19.00-20.30.
For å tinge plass, ring symjehallen på telefon 35 06 71 85 mellom klokka 16.00 og 16.30 same dag som du ynskjer å nytte symjehallen.
Ein kan altså ikkje reservere plass tidlegare enn same dag som ein ynskjer å bade.
NB. Badstovene vil ikkje vere opne.
Årskort kjøpt i 2020
På grunn av koronasituasjonen vil årskort som er kjøpt for 2020 også gjelde for 2021.
Vi minner om dei tre grunnpilarane for å bremse smittespreiing:
- Personar med symptom på covid-19 skal ikkje vere til stades
- God hygiene (handhygiene, hostehygiene, samt unngå å ta seg til ansiktet med hendene)
- Redusert kontakt mellom personar
Ver venleg å ikkje opphald deg i symjehallens område dersom du ikkje har tinga plass. Dette gjeld både gang, toalett, garderobar og symjehall.