På grunn av ferieavvikling og redusert bemanning ved Vinje tannklinikk, vil Fyresdal tannklinikk halde stengt nokre veker i sommar. Klinikken vil halde stengt veke 25, og veke 28, 29, 30, 31 og 32.

Frå hausten av vil det vere ein ny tannlege på plass i Fyresdal. Ho heiter Niat Ukbu Tezare. Fram til den nye tannlegen er på plass vil klinikkleiar Live Lid Breiland vere til stades i Fyresdal slik ho har vore det siste året. I tillegg vil tannpleiarane ha dagar i Fyresdal for undersøkingar m.m.