Fyresdal Ungdomsråd har (med eit lite opphald) vore aktivt sidan 2011.

Ungdomsrådet jobbar med saker som barn og ungdom er opptekne av. Dei har eigen sekretær og gjennomfører omlag 6-8 møter i året. I tillegg deltek medlemene på ungdomskonferansar og andre relevante møte. 

Per i dag har vi hatt val på ungdomsrådet kvar haust. Ungdomsrådet har fem medlemer og tre vara. Medlemene må vere i alderen 13-19 år og busett i Fyresdal kommune.

Resultatet etter valet i ungdomsrådet for 2020-2021 ser slik ut:

Faste medlemer:

  • Rena Marie Gustavsson - 1. vgs.
  • Knut Ausjore Heistad - 10. trinn
  • Kristian Taraldlien Hopland - 10. trinn
  • Sigrid Veum - 10. trinn
  • Thea Veum - 2. vgs.

Varamedlemer:

  1. Yngve Aamlid - 10. trinn
  2. Ask Dyrland Valseth - 9. trinn
  3. Ingrid Lauvrak Skeimo - 8. trinn

Det er kommunestyret som gjer endeleg vedtak, det vil seie godkjenner valet.