Med bakgrunn i vedtak frå kommunestyre 26. februar ynskjer arbeidsgruppa for framtidig bruk av Gardar og Meinstad forslag til bruk av bygga. 

Frå vedtak: Det setjast ned ei arbeidsgruppe med to politikarar som saman med administrasjonen førebur ei sak om framtidig bruk av Meinstad og Gardar. Resultatet skal vere kostnadsfritt for kommunen og vere på langtidsavtaler.
 
Arbeidsgruppa er sett saman av Olav Kvipt (SP), Liv Nærum (AP) og 2 representantar frå administrasjonen. Dei vil vurdere forslaga, og målet er å få på plass langsiktige leigeavtaler, slik at bygga framleis kan vere i bruk. Leiga skal dekke vedlikehaldskostnadane til bygga. 
 
Me tek i mot alle typer forslag til bruk av bygga, både private, næringsliv og frivillige organisasjonar m.m. er velkomne. Me har allereie fengje førespurnader, noko me set stor pris på. 
 
Allereie innsendte førespurnadar/forslag blir med i det vidare arbeidet. 
 
Innsendte forslag må minst innehalde: 
 
  • Ei kort utgreiing av søkar og planlagt aktivitet 
  • Kva for bygg søknaden gjeld for
  • Arealbehov/ynskje
  • Andre behov (t.d. uteareal, parkeringsbehov, tilgang til eigen inngang, ynskje om etasje eller spesielle rom) 
Ved spørsmål eller innspel, ta kontakt med Olav Kvipt (907 32 456) eller Liv Nærum (470 50 046). 
 
  • Basis leigepris på Gardar (530 m2) pr. mnd. er kr 8.000,-
  • Basis leigepris på Meinstad (230 m2) pr. mnd. er kr 5.000,-
  • Leigetakar betalar sjølv for straum og reinhald
Andre typer leigeavtaler vil bli vurdera, om det kjem forslag om det. 
 
Ved bruk av bygga som arbeidsplassar, må det påreknast kostnadar til ventilasjonsanlegg, då det ikkje er det i bygga i dag.
 
Frist for innsending er 30. juli 2020, slik at arbeidsgruppa kan starte å sjå på løysningar. 
 
Søknad sendast til postmottak@fyresdal.kommune.no eller leverast på papir i kommunens sentralbord i næringshagen – i Klokkarhamaren 6. 
 
Helsing arbeidsgruppa