Det er dei siste åra fanga gjedde i Hengeltjønn i Nedre Birtedalen. Gjedde er ifylge Artsdatabankens Fremmedartsliste 2023 ein framand art i Telemark.
Etter gjennomført høyring har Miljødirektoratet behandla søknad og i vedtak av 21.08.2024 gitt Statsforvalteren i Vestfold og Telemark løyve til kjemisk behandling (rotenon) av Hengeltjønn, Småtjønnane og Stemtjønn.
Du kan lese meir om tiltaket på nettsida til Statsforvalteren i Vestfold og Telemark.