Nå er SUP-bretta klare til gratis utlån i bryggeparken!

Fyresdal ungdomsklubb har kjøpt inn 4 SUP-brett til gratis utlån. Desse vil vere i bryggeparken i sommar og kan lånast i opningstida til Teisner Mathus. Ungdom under 13 år må ha med ein vaksen for å låne ut brett.

Meir informasjon om utlån av bretta finn du på plakat på det vesle kvite huset til Fyresdal båtlag, der bretta heng på stativ på veggen. NB. Det er påbode med vest! Du finn vestar i vestskåpet i enden av det kvite bygget.

OBS. Samarbeidet om utlån er med Teisner Mathus, så alt av lån og levering må skje i opningstida deira.

Alt ligg til rette for ein super sommar i Fyresdal!