I byrjinga av juni vert det planta sommarblomar. Kva for blomar som vert planta vil variere noko. Gjennom sommaren blir det vatna, luka og plukka visne blomar når det trengst. 

Etter sesongen blir det rydda i bedet og lagt på granbar til allehelgenssøndag, som er den fyrste søndagen i november. I tillegg er det mogleg å bestille lyng om hausten og krans til jol. 

Tak kontakt med kyrkjekontoret eller direkte med Åse i høve prisar.