Kjære innbyggar og besøkande!

Vi er stolte over og veldig glade i naturen vår, og også veldig glade for alle som ynskjer å bruke både dei flotte sentrumsnære områda våre og "heiane" våre.

Vi registrerer at det er lite søppel og tomgods som ligg att rundt omkring - det er bra!

Men - vi ynskjer å kome med ei oppmoding til dykk med små og store firbeinte vener. Ver venleg å plukk opp hestelorten og hundelorten etter dyra dykkar! 

Hald Fyresdal reint og like fint som før!