Helga 2.-3. juni opnar Noregs fyrste tretoppveg!
Fyresdal kommune inviterer med dette alle bygdefolk til å bli med på opninga! Vi skal markere kva vi har fått til saman, klyppe snora og offisielt opne Tretoppvegen! Vi skal feire 100-åringen Knut Lie, og alle kan deltake på aktivitetar. Frå kl. 19.00 blir det morosam underhaldning på «bankplassen». Sjå meir informasjon om opningsfesten her.
Bidra med matservering og anna?
Det vil bli behov for matservering denne dagen, både dag og kveld, og på bygdedagen dagen etter. Vi håpar derfor at lokalmatprodusentar, matbutikkar, lag og organisasjonar kan tenke seg å rigge seg opp med sal av mat, drikke, is, smoothie ++ allereie fredag. Ta kontakt med bygedagskomitéen for tinging av plass (bygdedagen.fyresdal@gmail.com).
Vi håpar på ei triveleg feiring 2. juni og ein strålande bygdedag 3. juni – velkomen!
Vi vil samstundes få takke alle bidragsytarar og sponsorar for alle bidrag! Utan dykk hadde dette ikkje vore mogleg å gjennomføre!
I samband med vedtak om bygging av Tretoppvegen, blei det utarbeidd ein besøksstrategi med tilhøyrande tiltaksplan for Hamaren Aktivitetspark, vedtatt i kommunestyret i desember 2022. Besøksstrategien skal sikre at ein tar vare på kvardagsnaturen og landskapet, og dei kjente kulturverdiane nær Hamaren Aktivitetspark, og redusere fotavtrykket til inngrepa så mykje som mogleg. Du kan lese heile besøksstrategien her.
Vedtaket i Kommunestyret 15.12.2022 lyder slik:
Besøksstrategien for Hamaren Aktivitetspark takast til vitande. Administrasjonen får fullmakt til å jobbe vidare med punkta som er sett opp i tiltaksplanen, innanfor dei økonomiske rammer som er lagt inn i «Økonomiplan for 2023-2026 og årsbudsjett 2023». Administrasjonen skal jobbe fram ein plan for korleis ein skal løyse framtidig vedlikehald i parken, samt utarbeide ein strategi for parkering og parkeringsavgift knytt til Hamaren Aktivitetspark. Dette leggast fram i eiga politisk sak våren 2023.
Fyresdal kommune ser på vidareutviklinga av Hamaren som eit gode og ein fantastisk moglegheit for oss som bur her! Dette vil til dømes kunne skape fleire tilbod og tenester, meir sal av entreprenør- og snikkartenester, meir sal av hytter og tomter, og betre marknad for utleige. Vi håpar at fleire blir inspirerte og motiverte til å sjå moglegheitene her!
Visit Norway har rangert Tretoppvegen som nr. 1 på lista over heftige reisenyheiter for 2023. Det får allereie mykje omtale i media, og vi håpar og trur på mykje besøk allereie i sommar! Vi gler oss!