Frå oppstart 29.08.2022 og to veker framover kan du få gratis prøvetime der vi har ledige timar! Då kan du teste ut om kulturskulen er noko for deg!

Piano eller vokal: Tysdagar etter kl. 17.00. Lærar: Svetlana. På Rom 3 på Gimle skule. Tlf. 910 02 414.

Gitar, hardingfele, bass, banjo: Onsdagar kl 17.00 eller torsdagar kl. 15.30. Lærar: Marit. På Musikkromet på Gimle skule. Tlf. 957 29 349.

Dans (gruppe): Måndagar kl. 14.00 for 1.-4. trinn og måndagar kl. 14.45 for 5.-10. trinn. Lærar: Aneesh. Tlf. 469 42 363. På samfunnshuset, storsalen.

Kunst og handverk (gruppe): Tysdag 30.08.22 kl. 16.00 for 4.-6. klasse (ein prøvetime). Du må avtale tid på førehand, du kan avtale direkte med lærar (sende SMS eller ringe).

Ein kan ha to prøvetimar. NB. På einskilde tilbod er det begrensa med plassar, så om du bestemmer deg, er det lurt å søke seg inn på fast plass så snart som råd. Det er ingen garanti at du får plass sjølv om du har deltatt på prøvetime.

Du kan søke deg inn på fast plass på kulturskulen via nettsida til Fyresdal kommune.

Les meir om kulturskulen her.

Søk plass i kulturskulen her.

Er det elles noko du lurar på, tak berre kontakt med Hilde på kulturkontoret på 952 70 905.

Helsing alle oss i kulturskulen