Det er det Hovudutvalet for oppvekst, kultur og omsorg (OKO-utvalet), som avgjer om stipendet skal delast ut. 

Alle innbyggjarar i Fyresdal har høve til å føreslå kandidatar til idrettsstipendet - frist er 15. april kvart år.

Mottakarar av stipendet

2019 Vilde Aamlid, Fyresdal skiskyttarlag og Fyresdal symjegruppe
2018 -
2017 -
2016 Per Hansen Austjord og Even Nordbø
2015 Even Nordbø
2014 Bendik Aketun og Even Nordbø
2013 Even Nordbø
2012 Even Nordbø
2011 Bendik Aketun og Even Nordbø
2010 Bendik Aketun
2009 Bendik Aketun og Eirik Aas Levang
2008 Fyresdal skiskyttarlag
2007 Hege Aketun og Martin Aketun
2006 -
2005 Hege Aketun
2004 -
2003 -
2002 Anna Kvasjord og Christine Momrak
2001 Anna Kvasjord
2000 Eivind Arne Bjaaland, Kala Syvertsen og Ådne Skålid
1999 Fyresdal skiskyttarlag
1998 -
1997 -
1996 -
1995 -
1994 Eivind Arne Bjaaland

 

Reglar for tildeling av stipendet

Vedtekne 23.11.2017 av hovudutvalet for oppvekst, kultur og omsorg

1. Fyresdal kommune kan yte eit idrettsstipend til ungdom som representerer idrettslag eller idrettsorganisasjon i Fyresdal og som er busett i Fyresdal kommune. Dersom ein utøvar må representere eit lag utafor kommunen av di det ikkje er lag innan den aktuelle idretten i bygda kan vedkommande likevel få idrettsstipendet, dersom utøvaren er busett i Fyresdal. Idrettsstipendet er kvart år på kr. 15.000 (femtentusen). Heile eller delar av summen kan delast ut.

2. Stipendet kan tildelast idrettsutøvar/utøvarar som syner til gode resultat i nasjonale eller internasjonale konkurransar. 

3. Stipendet kan gjevast til lag eller enkeltpersonar frå og med det året dei fyller 16 år til og med året dei fyller 21 år. Stipendet kan delast på fleire utøvarar.

3.1: Stipendet kan og gjevast til eit lag som stimuleringstiltak, på grunn av framifrå arbeid eller god vekst. 

4. Stipendet skal nyttast til vidare utdanning og utvikling innan idretten.

5. Stipendnemnd er hovudutvalet for oppvekst, kultur og omsorg (OKO).

6. Forslag på kandidatar til stipendet sendast Fyresdal kommune, Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal eller på e-post til postmottak@fyresdal.kommune.no innan 15. april. Stipendet skal kvart år gjerast kjent gjennom kommuneinformasjonen og på nettsida til Fyresdal kommune.

7. Stipendet skal delast ut 17. mai.