Ein individuell plan skal sikre:

  • At tenestene du mottar blir samordna og individuelt tilpassa.
  • At alle tenesteytarane samarbeider med deg og/eller dine pårørande, og med kvarandre.

Kva er ein koordinator?

Ein koordinator er ein person som hjelper med å samordne dine tenester. Koordinatoren hjelper også med å lage ein individuell plan. 

Kven har rett til individuell plan og koordinator

Dersom du har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester, har du rett til å få utarbeidd ein individuell plan og få ein koordinator. Ein individuell plan skal bare bli utarbeidd dersom du sjølv ynskjer det. Du har rett til å få ein koordinator sjølv om du ikkje ynskjer å lage ein individuell plan.

Korleis få ein individuell plan?

Kommunen har ansvar for å tilby ein individuell plan i dei tilfella det er behov for det. Du eller dine pårørande kan også sjølve be om å få laga ein individuell plan og/eller å få ein koordinator. Ta kontakt med tenestekontoret eller saksbehandlar for barn, unge og familiar.

Saksbehandlar vil innhente opplysningar for å kunne tildele koordinator og individuell plan. Når tildelinga er klar, vil ein koordinator kontakte deg og du må fylle ut ei samtykkeerklæring.

Du har rett til å medvirke, og tenesteapparatet skal legge til rette for dette. Pårørande skal også få medverke i den grad du ynskjer det. 

Pårørande har også rett til å medverke dersom den som får individuell plan ikkje har samtykkekompetanse.

Retten til ein individuell plan står i pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5. Retten til å delta i arbeidet med planen står i § 3-1. Den individuelle planen gir ikkje ein større rett til helse- og omsorgstenester enn det som fylgjer av reglar som gjeld elles.  

Klage på avslag om individuell plan

Dersom du får avslag på individuell plan kan du klage til fylkesmannen etter pasient- og brukerrettighetsloven § 7-2.