Det er planlagt influensavaksinering i Fyresdal fredag 22. oktober mellom kl. 09.00 og 16.30.

Vaksineringa vil gå føre seg på Fyresdal samfunnshus.

Influensavaksinen anbefalast til:

  • Alle over 65 år 
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim 
  • Personar med ulike kroniske sjukdommar, BMI over 40, samt gravide 2. og 3. trimester 
  • Prematurt fødte born, spesielt born født før veke 32, frå 6 månadar til fem år
  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta
  • Husstandskontaktar til personar med nedsett immunforsvar 
  • Svinerøktarar og personar med jamleg kontakt med levande grisar

Influensavaksinen kostar kr 50,- for dei som er i ei risikogruppe (gratis ved frikort) og kr 200,- for alle andre.

Pneumokokkvaksinen anbefalast til:

  • Alle over 65 år
  • Yngre i risikogruppa etter individuell vurdering

Pneumokokkvaksinen kostar kr 300,- for alle.

Betaling med kontant eller via VIPPS.