For at vi skal kunne planlegge eit så godt tilbod som mogleg til så mange som mogleg neste skuleår, er vi avhengige av tilbakemelding frå dykk som foreldre, i god tid før oppstart av kulturskuleåret. Dette gjeld spesielt der vi har  gruppetilbod, det vil seie kunst og handverk og dans.

  • Dans måndagar kl. 14.00-16.00
  • Kunst og handverk tysdagar kl. 14.15-15.45 (6. trinn og oppover) og tysdagar kl. 16.00-17.15 (4. og 5. trinn)

Kor mange og kva slags grupper avheng av tilbakemelding frå dykk. 

Alle som har tilbod på desse gruppene i år, må gje tilbakemelding om dei ynskjer å halde fram neste skuleår. Dette må gjerast i appen på Speedadmin eller på heimesida til kommunen, inntak/opphøyr kulturskulen – innan 01.06.2021.

Frist for opptak og oppseiing av individuell plass i kulturskulen er 1. juni. 

Ein kan søke via heimesida til kommunen, under Kultur, idrett og fritid/Kulturskule og «Søk plass i kulturskulen».

Dei som har individuell undervisningsplass har denne til den blir sagt opp skriftleg (via heimesida). Alle barn frå 6 og oppover kan søke på individuell undervisning.

Eg oppmodar alle til å søke inn i kulturskulen så tidleg som mogleg, slik at vi kan få lagt gode timeplanar, som femnar så mange unge som mogleg!

Helsing kulturskulen ved Hilde