Fyresdal kulturskule stimulerer til læring og godt fagleg nivå gjennom varierte arbeidsmåtar og god fagleg kompetanse i personalet. Kulturskulen skal vere ein god aktivitet for elevane, der kreativitet og skaparevne står i fokus.

Har du lyst, eller kjenner du nokon som har lyst, til å prøve tilboda i kulturskulen?

I perioden 30.08.202123.09.2021 kan ein få gratis prøvetime! Då kan du teste ut om dette er noko for deg. 

Har du lyst, kan du prøve fylgjande:

  • Piano eller vokal: Måndagar på rom 3 på Gimle. Ta kontakt med Svetlana på 910 02 414.
  • Dans: Måndagar på samfunnshuset. Ta kontakt med Aneesh på 469 42 363.
  • Slagverk: Måndagar på musikkromet. Ta kontakt med Trygve Jarle på 976 78 012.
  • Gitar, hardingfele, bass og banjo: Onsdagar og torsdagar på musikkromet. Ta kontakt med Marit på 957 29 349.
  • Kunst- og handverk: Tysdagar på KUHA-salen på Gimle. Ta kontakt med Marit på 957 29 349.

NB. Du må avtale med timelærar på førehand om når du kan møte (ring eller send SMS).

Håpar vi sjåast!

Helsing alle i kulturskulen