Har du litt kjøkkenutstyr til overs? - 01.06.2022

Vi treng sleiver, auser, litermål, kjelar og steikepanner (ikkje induksjon).

Kontaktperson er Oddbjørn Svendsen på 482 06 687.

Sivilforsvaret testar flyalarmane i Noreg 8. juni - 01.06.2022

To ganger i året, i januar og i juni, testar Sivilforsvaret varslingsanlegga (flyalarmane), for å sjekke at dei virkar og for å reparere dei som er defekte. Onsdag 8. juni klokka 12.00 testar dei varselet «Viktig melding – søk informasjon» i alle kommuner som har varslingsanlegg.

Signalet

Signalet blir sendt i tre seriar med eit minutts opphald mellom seriane. Signalet betyr at du skal søke informasjon i for eksempel radio, tv, aviser, på myndigheitenes nettsider og i sosiale media.

Flyalarmane

Noreg har 1 250 flyalarmar rundt om i landet, som skal varsle befolkninga ved akutt fare. Varslingsanlegga er stort sett plassert i byar og tettstader, og signala kan høyrast av cirka halvparten av befolkninga. Varslingsanlegga kan bli brukt både i fredstid og i krig.

The Civil Defence will test air raid sirens on 8 June

The Norwegian Civil Defence tests its public warning system (air raid sirens) twice a year, in January and in June, to check that the system is working and repair faulty equipment.
On Wednesday 8 June at 12.00, the signal ‘Important message – seek information’ will be tested in all municipalities equipped with such a warning system.

The signal

The siren will sound in three series with one minute of silence between series. This signal means that you should seek information from, for example, radio, television, newspapers, official websites and social media.

Air raid sirens

Norway has 1,250 such air raid sirens with which to warn the population in the event of imminent danger. Most of these warning systems are located in towns and cities, and about half the population of Norway will be able to hear the sirens.

Цивільна оборона випробовує сигнал повітряної тривоги в Норвегії 8 червня

Двічі на рік, у січні та в червні, Цивільна оборона перевіряє системи оповіщення (сигнали повітряної тривоги), щоб перевірити їх працездатність та відремонтувати непрацююче обладнання.

У середу, 8 червня, о 12.00 у всіх муніципалітетах, які мають системи оповіщення, тестуватимуть попередження «Увага всім - шукайте інформацію».

Сигнал

Сигнал передається трьома серіями з однохвилинною паузою між серіями. Сигнал означає, що потрібно шукати інформацію, наприклад, по радіо, на телебаченні, в газетах, на сайтах органів влади та в соціальних мережах.

Система оповіщення

Норвегія має 1250 сигналів повітряної тривоги по всій країні, які попереджатимуть населення у разі екстренної небезпеки. Системи оповіщення в основному розташовані в містах і селищах, а сигнали чує близько половини населення.

Mottak av flyktningar i juni - 20.05.2022

Fyresdal kommune reknar med å ta imot dei fyrste flyktningane i løpet av fyrste halvdel av juni.

Det er til saman 13 barn og vaksne, og det er både barnehagebarn og skulebarn i denne gruppa.

I tida framover førebur vi oss på å ynskje dei nye innbyggarane velkomne på best mogleg måte.

Telemark Lys ynskjer å kome i kontakt med personar som beherskar ukrainsk eller russisk, og som kunne tenke seg å bidra som ressursperson i forbindelse med mottak av flyktningar. Dersom dette er aktuelt for deg, ta kontakt med Oddbjørn Svendsen på telefon 482 06 687.

Informasjon i samband med innsamling av klede og utstyr til flyktningar - 29.04.2022

Laurdag 23. april og måndag 25. april tok vi imot klede og utstyr på Meinstad. 

Gjevargleda var stor, og vi fekk inn veldig mykje. Tusen takk alle saman!

Det er også mange som har ringt og sagt at dei har møblar og anna utstyr dei vil gje vekk. Vi har ikkje så stor lagringsplass, men vi har sagt at vi kan hente utstyret etter kvart som vi får behov for det – og når vi får litt meir oversikt. 

Vi har fått inn veldig mykje dameklede, men ikkje så mykje barneklede.

Vi treng foreløpig meir av dette:

  • Kjelar/panner
  • Klede og utstyr til barn og ungdom

Vi kjem tilbake med meir informasjon om eventuelle andre ting det skulle bli behov for.

Dersom det er noko de lurar på, ta gjerne kontakt med oss tysdagar og torsdagar kl. 08.30-11.30.

Mvh Telemak Lys ved Oddbjørn (482 06 687) og Martha (917 77 047).

Innsamling av klede og utstyr til busetting av flyktningar - 19.04.2022

I samband med at Fyresdal kommune skal busette flyktningar, er det planlagt innsamling av klede, leiker og utstyr: 

  • Laurdag 23. april klokka 12.00–16.00 på Meinstad
  • Måndag 25. april klokka 17.30–20.00 på Meinstad
Vi har laga ei liste med dei mest nødvendige tinga for at det skal vere enklare å ha kontroll på kva vi får inn. Det er vanskelig å vite på førehand kor mykje vi får, og dersom gjevargleda er stor, kan det hende at vi må takke nei, dersom vi ser at vi får problem med oppbevaring. Vi kjem til å arrangere fleire innsamlingar i løpet av våren og sommaren, men dei datoane kjem vi tilbake til. 
 
Dette treng vi:
  • Sofaer
  • Stolar
  • Bord
  • Spisebord/kjøkkenbord og stolar
  • Golvteppe
  • Dukar
  • Lamper
  • Kommodar/oppbevaringsmøblar
  • Gardiner
  • Kjøkkenutstyr (servise, knivar, kjelar, glas osv.)
  • Klede til kvinner og barn
  • Sportsutstyr
  • Leiker
  • Syklar
  • Sengetøy
Klede, gardiner og sengetøy må vere rent og heilt.
 
Dersom du ikkje har moglegheit til å levere til oppsett tid, er det berre å ta kontakt, så ordnar vi det.

Kontaktpersonar:

Fyresdal kommune tar imot flyktningar - 04.04.2022

Krigen i Ukraina fører til at Europa opplever den største flyktningstraumen og humanitære katastrofen sidan 2. verdskrig. Situasjonen har ført til at det venta talet på flyktningar og asylsøkarar til Noreg i 2022 har auka frå 5 500 til 35 000. På grunn av denne situasjonen har Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) anmoda alle kommunane i Noreg om å busette flyktningar. 

Kommunestyret i Fyresdal har gjort vedtak om å busette inntil 25 flyktningar i løpet av 2022. Det er framleis uklart når vi kan vente at flyktningane kjem, men Fyresdal kommune er i gang med planlegging av mottak og organisering av tenestetilbod i samarbeid med Telemark Lys.

Det er allereie ei rekke personar som har meldt ifrå om at dei har ledig bustad til disposisjon. Dette set vi stor pris på, og oppmodar samstundes andre som har husvære til utleige om til å melde ifrå til kommunen om dette. 

Det kjem også til å bli organisert innsamling av klede og anna utstyr i løpet av kort tid. Meir informasjon om dette kjem.

Situasjonen i Ukraina - 25.03.2022

Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) får mange spørsmål om ein treng å ta jodtablettar som følge av situasjonen i Ukraina. Det foreløpige svaret frå DSA er at den store geografiske avstanden gjer det svært lite sannsynleg at det vil bli nødvendig å ta jodtablettar i Noreg. 

Les meir om Ukraina, atomsikkerhet og atomberedskap her: dsa.no.

Generell eigenberedskap

Uavhengig av situasjonen i Ukraina anbefaler DSA at alle under 40 år har jodtablettar lagra heime. Hovudgrunnen er at atomubåtar og atomisbrytarar jamleg seglar langs Norskekysten. Ved eit alvorleg uhell med eit av desse kan det bli nødvendig med jodtablettar i Noreg, spesielt for barn og unge under 18 år, gravide og ammande. 

Dersom det skulle oppstå ein situasjon der radioaktivt nedfall rammar Noreg, vil inntak av reint jod kunne hindre opptak av radioaktivt jod i skjoldbruskkjertelen hos unge menneske. Dette reduserer sannsynligheita for utvikling av kreft i skjoldbruskkjertelen.

NB! Ved ei eventuell atomulykke vil myndigheitene gje nærmare råd om kva grupper av befolkninga som skal ta tablettane.

Les meir om jodtablettar ved atomulykker her: dsa.no.

Les meir om eigenberedskap og privat beredskapslager her: sikkerhverdag.no.

Lokal distribusjonsplan for jodtablettar

Fyresdal kommune har jodtablettar i beredskap og ein tilhøyrande plan for distribuering av desse. Dersom det skulle oppstå ein situasjon som gjer at norske helsemyndigheiter tilrår befolkninga å ta jodtablettar, vil innbyggarane i Fyresdal bli bedt om å møte på Fyresdal helsehus for utdeling av tablettar. Det vil i tillegg bli distribuert tablettar via skule og barnehage. Informasjon vil bli sendt til innbyggarane via SMS, i tillegg til å bli lagt ut på kommunens nettside og Facebook.

NB! Jodtablettar skal berre takast etter råd frå myndigheitene. I tilfelle ei atomulykke, vil råd bli gitt gjennom media, relevante myndigheiter og på dsa.no.