Hurtigtestar, smittevernråd og behandling av korona med tablettar - 05.01.2023

Gratis hurtigtestar
Helsedirektoratet tilrår at personar med høg risiko for å utvikle alvorleg sjukdom som følge av Covid-19 testar seg med hurtigtest for å avdekke eventuell smitte. Hurtigtest kan du få gratis på Fyresdal legekontor. 
 
Smittevernråd
Hald deg heime dersom du er sjuk.
På helsenorge.no/koronavirus finn du oppdatert informasjon og anbefalingar kring koronaviruset.
 
Behandling med tablettar (Paxlovid)
Enkelte grupper har høgare risiko for å utvikle alvorleg sjukdom dersom dei blir smitta av Covid-19. Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona, kan det vere aktuelt at du får behandling med tablettar. Legemiddelet Paxlovid kan truleg førebygge utvikling av alvorleg sjukdom. Det er viktig at behandlinga med tablettar startar tidleg. Ta kontakt med Fyresdal legekontor dersom du er i ei risikogruppe og testar positivt på hurtigtest. NB. Bruk av legemiddelet skal alltid skje i samråd med lege. 
 
Kven vil ha nytte av tablettar? 
Det er særleg tre grupper som vil ha nytte av behandling med Paxlovid-tablettar:
  • Dei som har alvorleg immunsvikt
  • Dei som er over 65 år, ikkje har fått vaksine dei siste seks månadene og har ein alvorleg sjukdom
  • Alle som er over 80 år
Kva skal du gjere viss du får luftvegssymptom?
Luftvegssymptom er først og fremst tett nase, hoste og sår hals. Ofte har du også feber eller vondt i hovudet. Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona og får luftvegssymptom, bør du ta ein sjølvtest kvar dag - i inntil fire dagar. Viss sjølvtesten viser at du har korona, bør du kontakte fastlegen din eller legevakt. Viss testen ikkje viser at du har korona, kan du vente med å kontakte fastlegen. Viss symptoma blir verre, bør du kontakte lege, sjølv om sjølvtesten ikkje viser at du har korona. 
 
Kven har høg risiko for å bli alvorleg sjuk?
Du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona viss:
  • Du har alvorleg immunsvikt. Til dømes fordi du har beinmargskreft eller lymfekreft og får medisinar som slår ut immunforsvaret.
  • Du er over 65 år, du har ikkje fått vaksne dei siste seks månadene, og du har ein alvorleg kronisk sjukdom. 
  • Du er over 80 år.
  • Du er over 50 år og har aldri har tatt koronavaksine.
På helsenorge.no/koronavirus/covid-19 finn du meir informasjon om kven som har høg risiko og kva du skal gjere viss du blir sjuk.
Behandling med tablettar erstattar ikkje vaksine. Det beste du kan gjere for å ikkje bli alvorleg sjuk av korona er å ta koronavaksine.
 
Kontaktinformasjon Fyresdal legekontor
Landstadvegen 35
3870 Fyresdal
Telefon 35 06 73 00
Måndag-fredag kl. 08.00-15.30

Oppfriskningsdose til fleire - 23.09.2022

Etter anbefaling fra FHI kan kommunen nå tilby oppfriskningsdose til fylgjande:

  • Alle over 65 år og sjukeheimspasientar
  • Aldersgruppa 18-64 år som tilhøyrer ei risikogruppe
  • Aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • Gravide i 2. og 3. trimester

Det bør gå minst 4 månadar siden førre dose og 3-4 månadar sidan koronasjukdom. 

Grunnvaksinering er fortsatt også mogleg.

Sjå FHI/Hvem kan få koronavaksine? for utfyllande informasjon.

Ring Fyresdal legekontor på telefon 35 06 73 00 måndag-fredag kl. 8-15 for avtale om av vaksine.

Nasjonal informasjonstelefon om korona avvikla - 29.08.2022

Helsedirektoratet har avgjort å avvikle den nasjonale informasjonstelefonen om korona. Dette blei gjort per 26.08.2022.

Hovudkanalen for informasjon til befolkninga er nå helsenoreg.no.

Anbefalar nå oppfriskningsdose til alle over 65 år - 10.08.2022

FHI anbefalar nå oppfriskningsdose av koronavaksine til alle over 65 år.

Det må ha gått minst fire månadar sidan sist dose. 

Det bør gå minimum tre veker etter gjennomgått koronainfeksjon, men eit lenger intervall vil som regel gje ein betre immunrespons.

Ta kontakt med Fyresdal legekontor dersom du ynskjer vaksine - telefon 35 06 73 00 - så set vi deg opp på ei liste og kontaktar deg for avtale om time.

Anbefalar ny oppfriskningsdose for fleire grupper - 30.06.2022

Regjeringa anbefalar alle frå 75 år og oppover ei ny oppfriskningsdose frå 1. juli 2022. Dette vil for dei fleste vere ei fjerde dose koronavaksine.

Ta kontakt med Fyresdal legekontor for avtale om vaksine.

--- --- ---

Dei nye anbefalingane er basert på råd frå FHI som regjeringa nyleg har mottatt.

Merk: Oppfriskningsdose kan tilbydast tidlegast 4 månadar etter siste vaksinedose. Tidsintervall frå tilfriskning etter gjennomgått infeksjon til ny oppfriskningsdose bør vere minimum 3 veker, men eit lengre intervall vil som regel gje ein betre immunrespons.

Les meir på regjeringen.no.

 

Gratis pneumokokkvaksine - 20.05.2022

Folkehelseinstituttet (FHI) har overskotslager med lungebetennelsevaksiner. 

I den anledning blir nå eldre (65+) og grupper med immunsvikt eller kroniske sjukdomar (sjå tabell under) tilbydt lungebetennelsevaksinen GRATIS fram til 16. juni 2022. Ein må berre betale ein eigendel for materiell. Revaksinasjon med pneumokokk polysakkaridvaksine anbefalast kvart 10 år.

Ta kontakt med legekontoret på 35 06 73 00 dersom du ynskjer denne vaksinen.

--- --- ---

Risikogrupper for invasiv pneumokokksykdom

Drop-in-vaksinering onsdag 25. mai - 20.05.2022

Det vil vere moglegheit for drop-in-vaksinering (korona) på Fyresdal legekontor onsdag 25. mai kl. 09.00-14.00.

Berre meld deg i luka når du kjem.

Fjerde dose koronavaksine til eldre over 80 år - 06.05.2022

Basert på dagens kunnskap og situasjon i Noreg, vurderer Folkehelseinstituttet at det ikkje er grunnlag for å gje ei generell anbefaling om ei 2. oppfriskningsdose til alle eldre, heller ikkje til dei aller eldste og skrøpelegaste.

Folkehelseinstituttet opnar likevel for at personar på 80 år og eldre som har fått 3 doser og ikkje har gjennomgått koronasjukdom etter dette, kan få ei ny oppfriskningsdose dersom dei sjølve ynskjer det. Dosen kan gjevast tidlegast 4 månader etter siste oppfriskningsdose. NB. Sjølv med ei ny dose nå, kan det likevel bli behov for ei ytterlegare oppfriskningsdose til hausten når smitten er venta å auke att. 

Ta kontakt med Fyresdal legekontor på 35 06 73 00 dersom du ynskjer ei fjerde dose (2. oppfriskningsdose). NB. Det kan vere litt ventetid for å få vaksinen.

Drop-in-vaksinering fredag 29. april - 28.04.2022

Det vil vere moglegheit for drop-in-vaksinering (korona) på Fyresdal legekontor fredag 29. april kl. 09.00-14.00.

Berre meld deg i luka når du kjem.

Drop-in-vaksinering fredag 22. april - 20.04.2022

Det vil vere moglegheit for drop-in-vaksinering (korona) på Fyresdal legekontor fredag 22. april kl. 12.00-14.30.

Berre meld deg i luka når du kjem.

Langsiktig koronastrategi for å normalisere kvardagen - 06.04.2022

Pandemien er nå i ein annan fase, men vi må framleis leve med koronaviruset. Regjeringa har utarbeidd ein strategi og beredskapsplan for vidare handtering av pandemien, og følger situasjonen nøye. God overvaking, gode planar og vaksinasjon er dei viktigaste føresetnadane for å leve med covid-19 framover.

Målet med handteringa er å ivareta liv og helse, samtidig som samfunnet blir halde ope og økonomien kan fungere så normalt som mogleg. Det skal vere god overvaking, kapasitet og beredskap for å oppdage og handtere ulike moglege framtidige scenario.

Vi har tatt tilbake hverdagen. Nå skal vi normalisere hvordan vi forholder oss til og håndterer covid-19. Det betyr at regjeringen i utgangspunktet ikke lenger skal beslutte smitteverntiltak, og at det nå vil være Folkehelseinstituttet (FHI) og kommunene som har hovedansvaret for å gi smittevernråd om covid-19, sier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Informasjon frå legekontoret kring hurtigtestane i smittebua - 17.03.2022

Dei tilsette på legekontoret har denne veka observert at nokon har tatt mange hurtigtestar frå smittebua, opna pakningane og deretter kasta dei under verandaen utanfor legekontoret. Etter over to år med pandemi, er det trasig at vi må oppleve dette. Testane er svært følsomme for temperatur, og blir øydelagde dersom dei blir liggande ute. Dersom dette skjer fleire gonger, er det mogleg at ein må endre på tilbodet for henting av hurtigtestar.

Registrering av positiv heimetest/sjølvtest - 09.03.2022

Det er framleis ynskjeleg at dei som testar positivt på covid-19 registrerer dette i kommunens smittesporingssystem.

Ordninga er mellom anna nyttig fordi:

  • Den bidrar til at kommunen kan ha ei betre oversikt over smittesituasjonen i eige område.
  • Den gjev kommunen moglegheit til å nå ut med informasjon og rettleiing direkte til dei som registrerer ein positiv test. 
  • Den bidrar til at Helsedirektoratet kan fylgje med på smitteutviklinga nasjonalt.

Registrering av positiv heimetest/sjølvtest gjer du her: pasient.remin.no/fyresdal.

NB. Ein positiv heimetest/sjølvtest blir ikkje registrert på helsenorge.no, og vil ikkje visast i koronasertifikatet. 

Smitteverntiltak oppheva frå laurdag 12. februar - 12.02.2022

Regjeringa fjernar alle forskriftsfesta tiltak mot covid-19, inkludert krav om munnbind, ein meter avstand og plikt til isolasjon ved sjukdom.

Dette er nokre av dei viktigaste endringane som gjeld frå laurdag 12.02.2022 kl. 10.00:

  • Krav og anbefaling om å halde ein meters avstand blir oppheva.
  • Krav om bruk av munnbind blir oppheva.
  • Anbefalinga om å teste seg gjeld berre for vaksne med symptom. 
  • Krav til isolasjon blir oppheva og erstatta med ei anbefaling om at smitta vaksne held seg heime i fire døgn.
  • Anbefalinga om å halde seg heime i 4 døgn gjeld ikkje for barnhagebarn og skuleelevar. Desse blir anbefalt å halde seg heime dersom dei er sjuke.
  • Ved positiv heimetest/sjølvtest bør den enkelte framleis registrere dette i kommunens smittesporingssystem: pasient.remin.no/fyresdal. NB. Ein positiv heimetest/sjølvtest blir ikkje registrert på helsenorge.no, og vil ikkje visast i koronasertifikatet. 
  • Ein positiv heimetest/sjølvtest bør bli bekrefta med test på teststasjon for personar som er ufullstendig vaksinerte, dvs. manglar oppfriskningsdose. For personar som har fått oppfriskningsdose (booster) eller er grunnvaksinert og deretter har gjennomgått covid-19 ila. siste 3 månader er det ikkje nødvendig med bekreftande test.
  • Det er ikkje lengre ei anbefaling at personer som er smitta skal informere øvrige nærkontaktar.
  • Påbodet om smittevernfagleg forsvarlig drift i barnehage og skule blir oppheva, og med det også trafikklysmodellen. Det blir anbefalt normal drift i samsvar med anbefalingar til befolkninga.
  • Når det gjeld arbeidsliv blir det anbefalt normal drift i samsvar med anbefalingar til befolkninga. Arbeidsgjevar må sjølv vurdere behovet for å redusere smitte og gje retningslinjer for sine tilsette.
  • Når det gjeld arrangement blir forskriftsfesta krav om smittevernfagleg forsvarleg drift oppheva. Det inneber at det ikkje lengre er særlege krav til arrangør knytt til størrelse på arrangement/samankomst eller krav til å legge til rette for avstand.
  • Når det gjeld serveringsstader og andre verksemder blir forskriftsfesta krav om smittevernfagleg forsvarleg drift oppheva. Det inneber at det ikkje lengre er avgrensingar knytt til kva aktivitetar som kan gjennomførast eller avstand.
  • Forskriftsfesta krav om negativ test før innreise og krav til innreiseregistrering blir oppheva.

Les heile pressemeldinga datert 12.02.2022 på regjeringen.no.

Nyoppståtte luftvegssymptom og i tvil kva du skal gjere? - 03.02.2022

Sjå flytskjemaet under for meir informasjon. 

Skjemaet gjeld for alle, også dei som er vaksinerte og/eller har gjennomgått covid-19.

Skjermbilde flytskjema covid oppdatert 02.02.2022

Frå detaljerte reglar til meteren, munnbind og sunn fornuft - 01.02.2022

Regjeringa fjernar svært mange koronatiltak

Folk blir mindre sjuke av den virusvarianten som nå herjar, og vaksinen gir god beskyttelse. Derfor fjernar regjeringa nå svært mange av koronatiltaka. Endringane gjeld frå klokka 23.00 tysdag 01.02.2022.

Dette er nokre av endringane:

  • Det er ikkje lengre noko anbefaling kring talet på gjester heime.
  • Skjenkestopp og krav om bordservering blir fjerna.
  • Det er ikkje lengre ei nasjonal anbefaling om gult nivå i barnehagar og skular.
  • Høgskular, universitet og fagskular blir anbefala full fysisk undervisning.
  • Organiserte idretts- og fritidsaktivitetar kan nå føregå som normalt både innandørs og utandørs.
  • Det blir ikkje lengre eit krav om å legge til rette for heimekontor. Det blir anbefala at arbeidsgjevarar sjølv vurderer kor mykje heimekontor som er riktig på den enkelte arbeidsplass.
  • Personar som er smitta av koronaviruset skal nå isolere seg i 4 døgn.
  • Forskriftsfesta karantene blir avvikla. Alle nærkontaktar som er hustandsmedlemmer eller tilsvarande nære blir anbefala å teste seg dagleg i fem døgn etter siste nærkontakt med den smitta.

Les heile den aktuelle pressemeldinga på regjeringen.no.

Sjå oversikt over gjeldande nasjonale tiltak på regjeringen.no.

Nytt frå Fyresdal kommune - 31.01.2022

Går bort ifrå jamleg testing

Regjeringa meiner at smittetrykket nå er på eit såpass høgt nivå at det ikkje lengre er hensiktsmessig med råd om jamleg testing. Denne ordninga blir derfor avvikla, og endringa gjeld umiddelbart.

Oppdatering kring nye smittetilfelle

Nettsida vår vil framover ikkje bli oppdatert med talet på nye smitta, med mindre det er noko veldig spesielt på gong. Vi vil framleis oppdatere nettsida med anna relevant informasjon.

Nytt frå Fyresdal kommune - 28.01.2022

Grønt nivå i barnehage og skule

Gimle skule går over på grønt nivå (jf. trafikklysmodellen) frå måndag 31.01.22.

Fyresdal barnehage gjekk over på grønt nivå måndag 24.01.2022.

Ny pressekonferanse tysdag

Regjeringa har varsla ny pressekonferanse tysdag 01.02.2022 kl. 19.00.

Vi kjem tilbake med meir informasjon i løpet av onsdag 02.02.2022.

Positiv heimetest og sjølvregistrering - 28.01.2022

Ved positiv heimetest ber vi om at du loggar deg inn på pasient.remin.no/fyresdal og registrerer resultat og nærkontaktar.

Meir informasjon om kva du gjer ved positiv heimetest og som nærkontakt kan du lese om her:

Til deg som får positiv test
Til deg som får beskjed om at du er nærkontakt
Koronatest og opningstider
Koronavaksinasjon

Informasjon kring vaksinasjon av barn og unge - 27.01.2022

Ungdom født i 2003, 2004 og 2005 (elevar på vidaregåande skule):

Alle som ikkje har starta grunnvaksinering bør ta 2 doser med mRNA-vaksine så snart som mogleg.

Velkomen til dropp inn på Fyresdal legekontor.

Ungdom født i 2006, 2007 og 2008 (ungdomsskulen) og barn i født 2009 (siste år på barneskulen):

Føresette kan la sitt barn vaksinere dersom dei/barnet sjølv ynskjer det.

Føresette kan la sitt barn vaksinere med dose to 8-12 veker etter fyrste dose dersom føresette/barnet sjølv ynskjer det.

Velkomen til dropp inn på Fyresdal legekontor.

Barn født i 2010 til 2016 (barneskulen og siste år i barnehagen):

Føresette kan la sitt barn vaksinere dersom dei ynskjer det.

Dersom du som føresett ynskjer å vaksinere ditt barn, ver venleg å ta kontakt med Fyresdal legekontor innan 07.02.2022 for avtale.

Samtykke frå føresette

Ved vaksinasjon av barn og unge under 16 år må føresette samtykke til dette (eit samtykke per vaksine).

Her finn de samtykkeskjema.

Les meir om vaksinasjon av barn og unge på fhi.no.

Nytt frå regjeringa - 25.01.2022

Dagens krav om innreisekarantene blir avvikla

Etter anbefaling frå Folkehelseinstituttet avviklar regjeringa kravet om innreisekarantene. Dette fordi det ikkje lengre blir sett på som smittevernfagleg nødvendig. Forskriftendringa gjeld frå og med midnatt natt til 26. januar 2022.

Les meir på regjeringen.no.

Testing erstattar smittekarantene for nærkontaktar

Smittekarantene på 10 døgn kan erstattast med dagleg testing for husstandsmedlemmer og tilsvarande nære. Forskriftendringa gjeld frå og med midnatt natt til 26. januar, og gjeld uavhengig av vaksinestatus.

Smittekarantene på 10 døgn kan erstattast av:

  • Dagleg testing i 5 døgn etter siste nærkontakt for husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.
  • Husstandsmedlemmer og tilsvarande nære som ikkje kan halde avstand til den smitta i isolasjonsperioden kan erstatte smittekarantene med dagleg testing i 11 døgn (6 døgn i den smittas isolasjonsperiode + 5 døgn etter dette). Dette gjeld også barn.

Les meir på regjeringen.no.

Nytt kring smittesituasjonen - 21.01.2022

Nytt smittetilfelle

1 person testa positivt for covid-19 i Fyresdal torsdag 20.01.2022.

Smittesporing og testing er sett i verk etter Folkehelseinstituttet sine retningsliner.

Per kl. 10.30 i dag 21.01.2022 var det 13 personar i isolasjon i kommunen.

Innføring av jamleg testing

Sidan søndag 16.01.2022 er det registrert fleire smittetilfelle på Gimle skule.

Frå neste veke vil det bli innført jamleg testing i dei klassene det er registrert smitte. Dette for å redusere smitten i den aktuelle gruppa og ut i samfunnet rundt.

Innføring av jamleg testing er i tråd med nasjonale anbefalingar.

Har du spørsmål?

Ikkje nøl med å ta kontakt med Fyresdal legekontor på 35 06 73 00 måndag-fredag kl. 08.00-15.30 og Fyresdal kommune sin smittesporingstelefon på 948 40 668 måndag-fredag kl. 15.30-22.00 (laurdag/søndag kl. 08.00-22.00).

Seinfølger etter covid-19

Nokre av dei som har blitt smitta av koronaviruset og fått covid-19, opplever plager som varer i meir enn 4 veker. Dette blir kalla for seinfølger, tidlegare omtalt som "post-covid" eller "long covid".

Sjå helsenorge.no for meir informasjon.

Nye smittetilfelle - 19.01.2022

Det er meldt om fylgjande smittetilfelle dei siste dagane:

  • 1 nytt smittetilfelle måndag 17.01.2022
  • 2 nye smittetilfelle tysdag 18.01.2022
  • 5 nye smittetilfelle i dag 19.01.2022

Smittesporing og testing er sett i verk etter Folkehelseinstituttet sine retningsliner.

Kva gjer eg dersom … ?

Noko du lurar på?

Du kan framleis ringe Fyresdal legekontor på 35 06 73 00 måndag-fredag kl. 08.00-15.30 og Fyresdal kommune sin smittesporingstelefon på 948 40 668 måndag-fredag kl. 15.30-22.00 (laurdag/søndag kl. 08.00-22.00).

Nye smittetilfelle - 16.01.2022

Det er 7 personar som har testa positivt for covid-19 i Fyresdal i dag.

Smittesporing og testing er sett i verk etter Folkehelseinstituttet sine retningsliner.

Kva gjer eg dersom … ?

Noko du lurar på?

Du kan framleis ringe Fyresdal legekontor på 35 06 73 00 måndag-fredag kl. 08.00-15.30 og Fyresdal kommune sin smittesporingstelefon på 948 40 668 måndag-fredag kl. 15.30-22.00 (laurdag/søndag kl. 08.00-22.00).

Nytt frå Fyresdal kommune i samband med koronapandemien - 14.01.2022

Grønt eller gult nivå i barnehage og skule?

Regjeringa anbefaler nå grønt nivå for vidaregåande skular og vaksenopplæringa og gult nivå for barnehagar og grunnskular der smittesituasjonen tilseier det. Kommunane må gjere eigne vurderingar av situasjonen lokalt, og sette tiltaksnivået deretter. 

Det vil vere gult nivå i Fyresdal barnehage og Gimle skule i veke 3.

Fyresdal ungdomsklubb

Klubben vil halde ope som fylgjer frå veke 3:

  • Ope for mellomsteget på onsdagar
  • Ope for ungdomssteget på fredagar

Tilsette på heimekontor

Det vil framleis vere nokre tilsette med kontor i næringshagen som er på heimekontor også dei komande vekene. Jamfør «Påbud om at arbeidsgivere sørger for at ansatte jobber hjemmefra dersom dette er praktisk mulig og ikke til hinder for viktig og nødvendig virksomhet på arbeidsplassen, blant annet virksomhet for å ivareta barn og sårbare grupper».

Du finn oversikt over telefonnummer og e-postadresser til dei tilsette her. Ta kontakt for avtale.

Bruk munnbind ved fysisk oppmøte

Sentralbordet vårt i næringshagen er bemanna som vanleg kl. 08.00-16.00. Dersom du ynskjer å møte fysisk i næringshagen: Ver venleg og bruk munnbind.

Fyresdal symjehall

Symjehallen vil halde ope frå veke 3 under smittevernfagleg forsvarleg drift. Dette inneber krav om å sørge for at det er mogleg å halde minst 1 meters avstand til personar som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære, og at verksemda har utarbeidd rutinar for god hygiene, godt reinhald og lufting.

Symjehallen kan ha maks 20 personar til stades i lokalet samstundes. Erfaringane våre tilseier at ein normalt ikkje overstig denne grensa ved onsdags-, fredags- og laurdagsope. Dersom det likevel skulle bli mange besøkande, vil badevakta regulere dette undervegs. 

Når vi nå skal halde ope, er vi pålagt å registrere kontaktopplysningar til dei gjestene som samtykker til det. Dette for å lette eventuell smittesporing. Det vil bli lagt ut ei bok som dei besøkande kan registrere seg i.

Opningstidene er som før:

  • Onsdag kl. 17.00-21.00
  • Fredag kl. 17.00-21.00
  • Laurdag kl. 11.00-15.00

Fyresdal folkebibliotek

Biblioteket vil halde ope som vanleg, men under smittevernfagleg forsvarleg drift. Dette inneber mellom anna gode rutinar for reinhald og lufting. Ver merksam på at det er påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde avstand til andre. Påbod om munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år.

Fyresdal frivilligsentral

Frivilligsentralen vil halde ope som vanleg, men under smittevernfagleg forsvarleg drift. Dette inneber mellom anna gode rutinar for reinhald og lufting. Ver merksam på at det er påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde avstand til andre. Påbod om munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år.

Dei nasjonale tiltaka skal opp til ny vurdering i byrjinga av februar.

Koronavaksinasjon av barn og unge - 14.01.2022

Foreldre og føresette som ynskjer det, får tilbod om å vaksinere sine barn som er mellom 5 og 11 år. Vaksinering er frivillig, og det gjevast ingen generell anbefaling om å vaksinere alle barn i denne aldersgruppa.

Les heile nyheita på regjeringen.no.

Regjeringa lettar på tiltaka - 13.01.2022

Det er framleis behov for nasjonale tiltak. Det er forventa høge smittetall i vekene som kjem, men som samfunn tåler vi viruset betre. Det kan derfor gjerast fleire lettingar.

Regjeringa prioriterer barn og unge og arbeidsplassar når dei nå lettar på tiltaka. Mellom anna opnar dei opp for meir aktivitet i barne- og ungdomsidretten. Dei anbefaler grønt nivå på vidaregåande skular og i vaksenopplæringa, og gult nivå for barnehagar og grunnskular. Kommunane kan avgjere tiltaksnivå etter smittesituasjon. Samtidig gjer dei lettingar i karantenereglane og ber kommunane prioritere ressursane der smittespreiinga er størst.

Dei nyaste endringane gjeld frå midnatt natt til fredag 14. januar (endringane knytt til barnehagar, skular og SFO gjeld frå midnatt natt til laurdag 15. januar). Tiltaka skal vurderast på nytt i starten av februar.

Les heile den aktuelle pressemeldinga "Regjeringa lettar på tiltaka" på regjeringen.no.

Endringar i TISK-strategien

Regjeringa gjer endringar i strategien om testing, isolering, sporing og karantene (TISK). Smittekarantene blir endra til meir bruk av sjølvtesting, og den enkelte sørger for å varsle sine nærkontaktar ved positiv test.

Les heile den aktuelle pressemeldinga på regjeringen.no.

Tiltaksnivået i barnehagar og skular skal igjen bli bestemt lokalt

Regjeringa anbefaler grønt nivå for vidaregåande skular og vaksenopplæringa og gult nivå for barnehagar og grunnskular der smittesituasjonen tilseier det. Men kommunane må gjere eigne vurderingar av situasjonen lokalt, og sette tiltaksnivået deretter. Studentar på høgskular og universitet kan igjen ha fysisk undervisning.

Les heile den aktuelle pressemeldinga på regjeringen.no.

Meir normal fritid for barn og unge

Nå blir det lettingar kring smitteverntiltaka slik at barn og unge i større grad skal kunne delta på kultur-, idretts- og andre fritidsaktivitetar. I tillegg blir det opna for fleire deltakarar på arrangement.

Les heile den aktuelle pressemeldinga på regjeringen.no.

Nytt smittetilfelle - 13.01.2022

Det er i dag meldt om eit nytt smittetilfelle i kommunen.

Vedkomande har ikkje tilknyting til nokon av dei andre tilfella, og smittevegen er kjent.

Nytt smittetilfelle - 12.01.2022

Det er i dag meldt om eit nytt smittetilfelle i kommunen.

Det er nå totalt 2 personar i isolasjon i kommunen.

Kva gjer eg dersom … ?

Noko du lurar på?

Du kan framleis ringe Fyresdal legekontor på 35 06 73 00 måndag-fredag kl. 08.00-15.30 og Fyresdal kommune sin smittesporingstelefon på 948 40 668 måndag-fredag kl. 15.30-22.00 (laurdag/søndag kl. 08.00-22.00).

Oppdatering kring smittesituasjonen i Fyresdal - 11.01.2022

Det blei ikkje meldt om nye smittetilfelle i løpet av helga eller i løpet av måndag 10.01.2022. 

Per måndag ettermiddag var det 4 personar i isolasjon i kommunen.

Kva gjer eg dersom … ?

Noko du lurar på?

Du kan framleis ringe Fyresdal legekontor på 35 06 73 00 måndag-fredag kl. 08.00-15.30 og Fyresdal kommune sin smittesporingstelefon på 948 40 668 måndag-fredag kl. 15.30-22.00 (laurdag/søndag kl. 08.00-22.00).

Oppdatering kring smittesituasjonen i Fyresdal - 07.01.2022

Det blei ikkje meldt om nye positive tilfelle i går 06.01.2022, men det er meldt om 2 nye positive tilfelle i dag 07.01.2022. Begge tilfella var kjente nærkontaktar og sat allereie i karantene.

Per klokka 15.00 i dag 07.01.2022 var det 7 personar i isolasjon i kommunen. 

Kva gjer eg dersom … ?

Noko du lurar på?

Du kan framleis ringe Fyresdal legekontor på 35 06 73 00 måndag-fredag kl. 08.00-15.30 og Fyresdal kommune sin smittesporingstelefon på 948 40 668 måndag-fredag kl. 15.30-22.00 (laurdag/søndag kl. 08.00-22.00).

Nasjonale tiltak og lokale tilbod komande veke - 07.01.2022

Vi viser til oppdatering per 14.12.2021 og informasjon om lokale tilbod. Regjeringa har varsla at dei tiltaka som blei sett i verk natt til 15.12.2021 gjeld til og med 14.01.2022. Når det gjeld lokale tilbod gjeld fylgjande for veke 2:

Kino på samfunnshuset

Fyrste kinoframsyning i det nye året er planlagt 21. januar. Sjå bygdekinoen.no for meir info.

Fyresdal ungdomsklubb

  • Onsdagsklubben 12. januar vil vere open for 5. klasse.
  • Fredagsklubben 14. januar vil vere open for ungdomsskulen, men med påmelding til Svein på grunn av maks antal på 20 deltakarar.

Fyresdal symjehall

Symjehallen vil halde stengt for offentleg bad heile veke 2.

Fyresdal folkebibliotek

Biblioteket vil halde ope som vanleg, men under smittevernfagleg forsvarleg drift. Dette inneber mellom anna gode rutinar for reinhald og lufting. Ver merksam på at det er påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter til andre.

Fyresdal frivilligsentral

Frivilligsentralen vil halde ope som vanleg, men under smittevernfagleg forsvarleg drift. Dette inneber mellom anna gode rutinar for reinhald og lufting. Ver merksam på at det er påbod om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter til andre.

Tilsette på heimekontor

Fleire av dei tilsette med kontor i næringshagen kjem til å vere på heimekontor også denne veka. Du finn oversikt over telefonnummer og e-postadresser til dei tilsette her.

Bruk munnbind ved fysisk oppmøte

Sentralbordet vårt i næringshagen vil i utgangspunktet vere bemanna som vanleg kl. 08.00-16.00 også denne veka. Dersom du ynskjer å møte fysisk i næringshagen: Ver venleg og bruk munnbind.

Gult nivå i barnehage og skule

Fyresdal barnehage og Gimle skule er framleis på gult nivå. Dette inneber mellom anna auka fokus på hygiene og avstand.

Oppdatering kring smittesituasjonen i Fyresdal - 06.01.2022

Det blei meldt om 2 nye positive tilfelle tysdag 04.01.2022 og 1 nytt positivt tilfelle onsdag 05.01.2022. Alle var kjente nærkontaktar og sat allereie i karantene. 

Per klokka 15.00 onsdag 05.01.2022 var det 12 personar i isolasjon i kommunen.

Her kjem ei forklaring på kvifor tala i avisa ikkje stemmer heilt med slik situasjonen er:

  1. Positive sjølvtestar kan/skal ikkje registrerast i MSIS (meldingssystem for smittsomme sykdommer). Ved positiv sjølvtest blir det tatt PCR-prøve som sendast til mikrobiologisk laboratorium. Det tar ofte 2-3 dagar før svar ligg føre, og det er desse svara som blir sendt til MSIS. Det er nye registeringar i MSIS som kjem ut i avisa. 
  2. På VG-kartet er det positive prøver dei siste 14 dagane det er oversikt over, dvs. at mange av desse er allereie ute av isolasjon (isolasjonsperioden er 6 døgn etter symptomdebut). 

Noko du lurar på?

Ring Fyresdal legekontor på 35 06 73 00 måndag-fredag kl. 08.00-15.30 eller Fyresdal kommune sin smittesporingstelefon på 948 40 668 måndag-fredag kl. 15.30-22.00 (laurdag/søndag kl. 08.00-22.00).

Oppdatering kring smittesituasjonen i Fyresdal - 04.01.2022

Vi ser nå ein avtakande trend på smittesituasjonen i Fyresdal. Det blei meldt om 1 positivt tilfelle søndag 02.01.2022 og 1 positivt tilfelle måndag 03.01.2022. 

Det er per kl. 12 i dag 32 personar i isolasjon. Talet på personar i karantene er lågare enn per 31.12.2021 (45 personar), då nokre har testa seg ut og nokre har gått over i isolasjon. 

Det er i hovudsak unge vaksne som er smitta og alle har så langt milde symptom. 

Vi meiner å ha kontroll på situasjonen. Det er kjente smittevegar, og så langt vi kjenner til ingen villsmitte i kommunen.

Vi har kontroll som følge av desse 3 faktorane:

  • Rask reaksjon frå smittesporingsteamet i kommunen - aktuelle nærkontaktar blei raskt sett i karantene
  • Godt samarbeid mellom kommunane i regionen
  • Lojal og god etterleving av isolasjons- og karantenereglane frå dei smitta og deira nærkontaktar

Det viktigaste er framleis:

  • Hald deg heime dersom du er sjuk
  • Test deg ved luftvegssymptom
  • Avgrens talet på nærkontaktar

Noko du lurar på?

Ring Fyresdal legekontor på 35 06 73 00 måndag-fredag kl. 08.00-15.30 eller Fyresdal kommune sin smittesporingstelefon på 948 40 668 måndag-fredag kl. 15.30-22.00 (laurdag/søndag kl. 08.00-22.00).
 

Heimekontor, munnbind og gult nivå - 02.01.2022

Tilsette på heimekontor

Fyrstkomande veke vil fleire av dei tilsette med kontor i næringshagen vere på heimekontor.

Du finn oversikt over telefonnummer og e-postadresser til dei tilsette her.

Avtal gjerne eit digitalt møte!

Bruk munnbind ved fysisk oppmøte

Sentralbordet vårt i næringshagen vil i utgangspunktet vere bemanna som vanleg kl. 08.00-16.00.

Dersom du ynskjer å møte fysisk i næringshagen: Ver venleg og bruk munnbind.

Telefonnummeret vårt er som før: 35 06 71 00.

Gult nivå i barnehage og skule

Fyresdal barnehage og Gimle skule gjekk over til gult nivå torsdag 16.12.2021. Dette betydde mellom anna auka fokus på hygiene og avstand. 

Fyresdal barnehage og Gimle skule held fram på gult nivå fyrstkomande veke.

Her kan du lese meir om trafikklysmodellen.

Samleside for informasjon rundt korona-viruset 2020 og 2021

--- --- ---

Interessert i oppdateringane frå 2020 og 2021?

Ta kontakt på postmottak@fyresdal.kommune.no.

--- --- ---