Arbeidet med Tretoppvegen er i full gang!

Sjølve Tretoppvegen er 70 % sluttført, og skal vere ferdigstilt 01.05.2023. I samband med vedtak om bygging av Tretoppvegen, blei det utarbeidd ein besøksstrategi med tilhøyrande tiltaksplan for Hamaren Aktivitetspark, vedtatt i kommunestyret i desember 2022. 

Besøksstrategien skal sikre at ein tar vare på kvardagsnaturen og landskapet, og dei kjente kulturverdiane nær Hamaren Aktivitetspark, og redusere fotavtrykket til inngrepa så mykje som mogleg. Du kan lese heile besøksstrategien her.

Vedtaket i Kommunestyret 15.12.2022 lyder slik:

Besøksstrategien for Hamaren Aktivitetspark takast til vitande. Administrasjonen får fullmakt til å jobbe vidare med punkta som er sett opp i tiltaksplanen, innanfor dei økonomiske rammer som er lagt inn i «Økonomiplan for 2023-2026 og årsbudsjett 2023». Administrasjonen skal jobbe fram ein plan for korleis ein skal løyse framtidig vedlikehald i parken, samt utarbeide ein strategi for parkering og parkeringsavgift knytt til Hamaren Aktivitetspark. Dette leggast fram i eiga politisk sak våren 2023.

I samband med besøksstrategien blei det vedtatt ein tiltaksplan, kor dei fleste tiltaka skal vere ferdigstilte innan 01.05.2023, altså i «god tid» før opninga 02.06.2023. Eigen informasjon om opninga og programmet der kjem vi tilbake til. Nedanfor fylgjer ei kort oversikt over kva som blir jobba med, når det skal vere ferdigstilt og ev. kommentarar.

  • Toalett ved utekjøkkenet; 01.05.2023, to toalett, eit med HC, vatn og avløp
  • Universelt utforma gangbane ved gravfelt ved næringshagen; 01.05.2023, ta vare på kulturminne
  • Årshjul for drift og vedlikehald, skjøtselplan, driftsform; 01.05.2023, sak til kommunestyret i mars 2023
  • Skilting inne i parken, konseptskilt innhald og utforming, kart over parken; 01.05.2023, nye skilt og logo 
  • Universelt utforma kvilebenkar; 01.05.2023, fleire benkar i parken
  • Ny profil og ny logo; 01.05.2023, skal stå i stil med innhaldet i parken
  • Skilting langs fylkesvegen; 01.05.2023, trafikksikring, leie besøkande dit vi ynskjer
  • Parkering; 01.05.2023, sak til kommunestyret i mars 2023
  • Marknadsføring og informasjon, diverse arenaer; 01.04.2023, Visit Telemark og Fyresdal kommune
  • Bedriftsnettverk som arbeider med målgrupper, produktutvikling, reiselivskonsept, marknadsføring og digitale plattformer; Prosjekteigar Foreininga Folkestadbyen, prosjektleiar: FAUN
  • Offisiell opning arrangement 02.06.2023; 01.05.2023 Fagdag fredag, offisiell opning fredag

Fyresdal kommune ser på vidareutviklinga av Hamaren som eit gode og ein fantastisk moglegheit for oss som bur her! Dette vil til dømes kunne skape fleire tilbod og tenester, meir sal av entreprenør- og snikkartenester, meir sal av hytter og tomter, og betre marknad for utleige. Vi håpar at fleire blir inspirerte og motiverte til å sjå moglegheitene her!

Visit Norway har rangert Tretoppvegen som nr. 1 på lista over heftige reisenyheiter for 2023. Det får allereie mykje omtale i media, og vi håpar og trur på mykje besøk allereie i sommar! Vi gler oss!