Tysdag 29. november ber Telemark Næringshage inn næringslivet i Vest-Telemark til ein informasjonskveld om den nasjonale energitilskotsordninga og tilhøyrande tema som krafttilgang, energieffektivisering, energikartlegging, tilskot og finansiering. 
 
Det vil bli gjort greie for rammene for energitilskotsordninga til næringslivet og kva kriterier som blir lagt til grunn for å kunne søke ordninga. Gitt at ordninga har opna for søknadar, vil det også bli informert om sjølve søknadsprosessen. Vidare vil også Sweco, Vest-Telemark Kraftlag, Skagerak Energi, Miljø Energi og Sparebanken Sør vere representert og halde aktuelle innlegg. Det vil bli moglegheit for å stille spørsmål. 
 
Dato: 29.11.2022
Tidspunkt: Kl. 18.00-20.30 
Stad: Kviteseid Næringshage – Kviteseidgata 18 
 
Program:
  • Den nasjonale energitilskotsordninga ved Telemark Næringshage – 20 min
  • Energikartlegging og ENØK-tiltak ved Sweco – 15 min
  • Status for fastpris for næringslivet og auka energibehov generelt ved VTK – 15 min
  • Kraftmarknaden og ENØK-tiltak ved Skagerak Energi – 15 min
  • Energieffektivitetsløysingar og eksempel ved Miljø Energi – 15 min
  • Energifokus i banksektoren ved Sparebanken Sør – 10 min
Arrangementet er gratis!
Påmelding på e-post til post@telemarknh.no innan måndag 28. november. 
 
NB. Det vil bli arrangert ein tilsvarande informasjonskveld i Bø den 30.11.2022.
Logoar til nyheit om informasjonskveld Kviteseid