Vil du vere med og påverke framtidas kultur- og fritidsaktivitetar i Fyresdal? Kom på innspelsmøte!

Vi skal lage ein ny plan for kulturbygg, idrett og friluftsliv (2025-2032) og det er viktig for oss å vite kva du som innbyggar meiner om dette.  Kva er viktig framover? Kva for bygg, anlegg og aktivitetar skal vi satse på? Vi får til mykje bra i Fyresdal, men kanskje vi kan få til meir? Litt smartare, gjere ting litt annleis? Vi vil så gjerne ha di meining!

Dette er det siste innspelsmøte før planen skal skrivast ferdig og behandlast politisk, så det er no det er mogleg å påverke!

Velkomen til Fyresdal kulturhus tysdag 27. august kl. 18.00.